Hopp til innhold

Unikt vikingfunn i Lærdal

Arkeologar har avdekka ein godt bevart kaupang, eller handelsstad, frå tidleg vikingtid ved Nordre Bjørkum i Lærdal.

Utgraving Nordre Bjørkum i Lærdal
Foto: Ole Ramshus Sælthun / NRK

Ifølgje arkeolog Asle Bruen Olsen er funna så godt bevart at dei reknar med å få utgravingar som er langt større enn noko ein har sett andre stader i Norge. Han trur utgravingane blir viktige for forskinga på tidleg vikingtid.

– Det er svært viktig, for vi har ikkje avdekt noko liknande i distrikta i Norge.

Gammalt funn

Arkeologisk funn Lærdal
Foto: Ole Ramshus Sælthun / NRK

Arkeolog Asle Bruen Olsen har leia utgravingane i Lærdal, som har gått føre seg i ein månad. Han seier funnet er datert til tidleg vikingtid, og det blir dermed datert som eldre enn funna i Ålesund og Larvik.

– Vi står her overfor eit område med omlag 30 hustufter og spor etter omfattande handverksproduksjon. Vi trur vi kan tolke dette som ein lokal kaupang.

Godt bevart

Handelsstaden er spesielt godt bevart på grunn av tilhøva i Lærdal.

– Det er jo det som gjer dette området så spesielt og unikt. Her er ekstremt gode bevaringstilhøve for organisk materiale. Her ligg det bevart som om det skulle vore etterlate i år.

– Desse forholda gjer at vi forventar å grave frem mellom 100 000 og 150 000 dyrebein. Og det er det tidobbelte av det vi har frå alle tidlegare vikingtidsundersøkingar samla. Det seier seg sjølv at dette materialet vil bli eit stort potensial for ny kunnskap om ferasar i fortida og faunahistorien, seier Bruen Olsen.