Hopp til innhold

Håpar Lærdalselva kan friskmeldast: - Unikt å få laks på over 25 kilo

Etter 17 år utan skikkeleg fiske i Lærdalselva gjorde den comeback med ein kjempefangst. – Å få fisk på over 25 kilo er unikt, seier generalsekretær i Norsk Lakseelevar.

Storfiskarane sleppte fisken ut igjen.

UNIKT: Å få fisk på over 25 kilo er sjeldan vare, sjølv i Lærdalselva. Mark Brooks og sonen William drog kjempa i land onsdag.

Foto: Ola Petter Bøe

– Det er sjeldan vare å få laks som er over 20–25 kilo, så det er ganske unikt. At det skjer i Lærdalselva, som har hatt nokre vanskelege år, er ekstra gledeleg, seier Torfinn Evensen i Norske Lakseelvar.

Onsdag denne veka vart ein rugg på mellom 26, 5 og 27, 4 kilo halt på land i det som nokre har omtala som Dronninga av lakseelvar, Lærdalselva. Ein langvarig dragkamp mellom storlaksen og to gutar på 11 og 4 år, enda med litt hjelp frå fedrane, med siger til dei som stod på land med fiskestonga i hand.

Kor stor fisken faktisk vog får ein aldri vite, for den sleppte fiskar Mark Brooks og dei andre ut att i elva. Det gler Evensen ekstra mykje.

-Når laksen blir sett ut att, så aukar sjansane for at den kjem tilbake igjen, og kan gyte på nytt. Skal vi få storlaksane tilbake i elvane, så er det viktig å sleppe dei ut att, seier han.

Kan vere Lærdalsrekord

Lærdalseva har i 17 år vore under behandling for lakseparasiten Gyrodacylus Salaris, og det er først i år ein har opna for eit forsiktig prøvefiske. Det er brukt aluminium i behandlinga, noko som ikkje har drepe all fisken, som rotenonbehandling kan gjere. Til no ser sesongen ut til å vere bra.

– Det har blitt tatt ein del store fiskar i år, mellom 15 og 20 kilo. Om det stemmer at fisken som kom på land denne veka er over 26,5 kilo, så er det i så fall den største laksen som er fiska i elva her, seier Alf Olsen jr., som er ein ivrig fiskar og lenge har vore involvert i Villakssenteret i kommunen.

Han fortel at det tidlegare er teke ein laks på 26,5 kilo i elva.

– Kan kome att om han ikkje har brukt alle kreftene på damer

Brooks, som hadde ein liten fotoseanse med storruggen før den vart sleppt ut att, trur laksen kan vere i elva for tredje gong. At den tek turen til Lærdalselva igjen ser ikkje Evensen vekk frå.

Torfinn Evensen

GLEDELEG: At storfisken vart sett ut att i elva, gler generalsekretær i Norsk Lakseelvar ekstra mykje.

Foto: Privat

– Alt er mogleg, og nokre må klare det også. Uansett vil den måtte vere i havet eitt år for å ete seg opp igjen og kome til hektene igjen. Det spørst kor hardt denne turen har teke på, og kor mykje krefter han har brukt på å få tak i dei beste damene og halde seg i live, seier Evensen.

Han fortel at fangstane på storlaks har gått ned frå historiske tider.

– Før så var det alltid mykje laks, også storlaks. No er så lite at vi må passe godt på den vi har. Spesielt store hoer er viktige for å få opp laksetala og også få fram fleire av store laksane, seier han.

Trur ikkje laksen blir fiska på ny

Storlaksen i Lærdalselva står framleis i elva, og laurdag er det fleire folk som går langs elvebreidda i håp om å få napp.

At storlaksen bit på kroken ein gong til, trur Evensen lite på.

– Forsking tyder på at sjansane for det er små. Det er ti prosent sjanse for at den vil bite på nytt. I motsetnad til auren som lever i elva heile året nærast, så et ikkje laksen medan den er i elva. Laksen tærer på maten den fekk i seg medan den var i havet, så den er ikkje så bitevillig som auren.