Hopp til innhold

Politiet fann mindreårige på heimefest der det vart røykt hasj

– Det er ikkje ofte vi finn så unge personar på festar der det vert røykt hasj, seier operasjonsleiar Wenke Hope.

hasj røyk

RØYKTE HASJ: Flora politistasjon vil ta tak i saka over helga etter at mindreårige var på fest i Florø der det vart røyka hasj (illustrasjonsbilete).

Foto: Johannessen, Sara / NTB scanpix

– Det er grunn til bekymring når det blir røykt hasj på festar der det er så unge personar til stades, seier operasjonsleiar Wenke Hope.

Natt til laurdag måtte politiet rykke ut til ein heimefest i Florø med om lag 20 ungdommar. På festen fann politiet tydelege spor på at det var blitt røkt hasj.

– Ingen er avhøyrde enno, men det tyder på at det vart røykt hasj, seier operasjonsleiar Wenke Hope.

Foreldra måtte hente ungdommar

Foreldra til 11 mindreårige vart varsla om festen av politiet.

– Det vart funne ungdommar fødde i 2000 på festen, altså 15-åringar. Det er svært sjeldan vi ser det, seier Hope.

Dette er ei utvikling politiet likar dårleg.

– Det er ikkje ofte vi finn så unge på festar der det vert røykt hasj. Det er ikkje spesielt ofte. Der er sikkert eit miljø vi ikkje kjenner enno.

Florø politistasjon vil ta tak i saka over helga.