Hopp til innhold

Kvar tredje busspassasjer nyttar ikkje belte - unge slurvar mest

Kvar tredje busspassasjer nyttar ikkje belte. Særskilt unge vel å ikkje bruke bilbeltet.

Audun Heggestad kritisk til bruken av belte i buss.

SLURVAR: Unge slurvar mest med bruken av belte i buss. Audun Heggestad i Trygg Trafikk meiner dei burde vite betre.

Foto: Fotomontasje

Dei nedslåande tala kjem fram i ei ny undersøking som Statens vegvesen har gjort.

Asbjørn Lote, elev i den vidaregåande skule, tykkjer det er uansvarleg å ikkje sikre seg med belte.

– Det er absolutt noko som forbetrar tryggleiken. Når du høyrer om folk som overlever, så er det stort sett dei med belte, seier Lote.

Unge er verst

Lote reiser sjølv med buss dagleg, og tek alltid på seg beltet.

– Eg ser vel eigentleg at det stort sett berre er eg som har belte på, seier han. Ifølgje undersøkinga er det særleg unge under 28 år som ikkje sikrar seg med belte i buss. Det sjokkerer Audun Heggestad i Trygg Trafikk.

– Dei er så pass vaksne at dei burde forstå at bilbelte er viktig også for dei, og at beltet reduserer skadane om uhellet er ute, seier han.

For sjølv om bussulukkene ikkje skjer ofte, så er dei alvorlege når dei først skjer.

14 drepne på ti år

Dei siste ti åra har 14 personar blitt drepne og 67 personar hardt skadde i bussulukker.

Dei fleste skadde og omkomne er passasjerar. Heggestad meiner at politiet og vegvesenet må gjere fleire kontrollar av bilbeltebruk i buss.

– Dette har det ikkje vore noko fokus på, verken frå politi eller Statens vegvesen. I alle fall bør ein auke kontrollane for å få opp bruken av bilbelte, seier han.

Krevjande kontrollar

Ifølgje Statens vegvesen sine eigne tal, har det vore svært lite endring i beltebruken på buss dei siste tre åra.

Guro Ranes, Avdelingsdirektør i Vegdirektoratet, seier at fleire kontrollar blir vanskeleg, men at det er noko dei må sjå på.

– Beltebruk i buss er så låg, så får vi sjå på om vi kan gjere meir. Det er meir krevjande å kontrollere beltebruken i buss enn i bil, seier Ranes.