Hopp til innhold

Desse gutane jobbar i barnehage etter skuletid – målet er å rekruttere fleire menn

Unge gutar får no tilbod om å jobbe i barnehagar etter skuletid. Målet er å freiste dei til å bli barnehagelærarar.

Unge gutar får no tilbod om å jobbe i barnehagar etter skuletid. Målet er å freiste dei til å bli barnehagelærarar.

SJÅ TV-SAK: Unge gutar får prøve seg i barnehagar.

– Då eg var liten tenkte eg at eg ville jobbe i barnehage, og no når eg fekk sjansen kunne eg ikkje kaste den vekk, seier Are Dale Erikstad som er i Vassenden barnehage i Jølster.

Det blir moro å få innsikt i korleis dei jobbar i barnehagen og korleis det er å jobbe med born.

Krister Smaadal

Han er ein av dei som no nyttar seg av tilbodet om å jobbe i barnehage etter skuletid.

Ei nysatsing der unge gutar kjem og leikar med borna skal lokke fleire menn inn i barnehagane.

Berre ein av ti tilsette i barnehagane i Sogn og Fjordane er menn.

(Artikkelen held fram under biletet)

Gutar leikar i barnehage

MORO: Krister Smaadal og Are Dale Erikstad tykkjer det er moro å få innsikt i barnehagelivet.

Foto: Johan Moen / NRK

Mjuke og tøffe menn

Sigrid Bøyum Høgskulelektor

VIKTIG: Høgskulelektor Sigrid Bøyum seier dette er ei viktig satsing.

Foto: Johan Moen / NRK

– Det blir moro å få innsikt i korleis dei jobbar i barnehagen og korleis det er å jobbe med born, seier Krister Smaadal.

Prosjektet er betalt av fylkesmannen. Høgskulelektor ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, Sigrid Bøyum meiner det er ei viktig satsing.

– Eg synest det er veldig positivt at ein startar tidleg og inkluderer gutar i livet i barnehagen. Ein kan ha menn som arbeider med born, ein kan ha mjuke menn og tøffe menn, på same side som ein kan ha mjuke og tøffe kvinner, seier Bøyum.

Mykje meir enn barnepass

Norunn Osen, vassenden barnehage

MEIR ENN PASS: Pedagogisk leiar i Vassenden barnehage håpar gutane vil oppdage korleis barnehagelivet er.

Foto: Johan Moen / NRK

I Vassenden barnehagen håpar dei at gutane vil oppdage at det å jobbe i barnehage er balansekunst mellom alvor og leik.

– Desse gutane kan få komme inn i barnehagen og oppleve av vi driv med meir enn berre å passar på ungane, men at vi leikar i lag med dei og mykje anna, seier pedagogisk leiar, Norunn Osen.

Ungane i barnehagen seier det er kult at gutane kjem i barnehagen. Då får dei leika med nokon som dei ikkje vanlegvis leikar med.

Får lyst til å prøve

Gutane i sandkassen trur at prosjektet kan gi dei meir lyst til å jobbe i barnehagen i framtida

– Eg trur sjansen aukar betrakteleg når eg får vere med i barnehagen og sjå korleis det er og då og få betalt for å gjere noko som er moro, så er det berre tipp topp, seier Krister Smaadal.