Hopp til innhold

Ungdommane strøymde til førpremiera på Villmark 2

SOGNDAL (NRK) Etter å ha skremt vettet av ein kinosal full av ungdomar, var det ein nøgd produsent Einar Loftesnes som vandra ut i lyset. – Det er dei unge vi helst vil treffe, seier sogndølen.

Anna og Andrea Wiktoria på Villmark 2-premiere

TORDE IKKJE GÅ HEIM: Sjølv om Anna Foss og Andrea Wiktoria Weka bur rett bortanfor kulturhuset i Sogndal, sørga dei for å bli henta etter premiera. Mørket var litt for skummelt.

Foto: Line Omland Eilevstjønn / NRK

– Åh, den var så skummel! Vi var kjemperedde heile tida. Vi følte vi var dei einaste som vrei oss vekk, seier Anna Foss (16) og Andrea Wiktoria Weka (16) frå Sogndal. Førstnemnde hadde bursdag og valde altså å feire dagen med andletet gøymd bak popkornet.

Dette var ein veldig god skrekkfilm! Det skal vera så skummelt, held Foss fram.

Etter filmen held dei seg i ljoset utanfor inngangsdørene. Mørket er litt for trugande enno.

– Vi bur rett borti her, men vi blir henta. Ikkje i verda at vi går heim no!

Sogndal Kulturhus var fylt til randa av ungdommar under førpremiera på den særs etterlengta oppfølgjaren til kassasuksessen frå 2003.

– Eg hatar eigentleg skrekkfilmar

Hanne og Adrian på Villmark 2-premiere

LIVREDDE: Adrian Lio og Hanne Turvoll hadde høg puls frå start til slutt.

Foto: Line Omland Eilevstjønn / NRK

– Den var skummel! Du følgjer så med, og er heilt inne i filmen, seier Hanne Turvoll (16) frå Vik. Ho var på kino saman med Adrian Lio (17), som også var begeistra.

– Det var slik «jump scare». Skjer det no? Eller no?

Dei er samde om at det som skil denne frå andre skrekkfilmar dei har sett, var den heilt spesielle stemninga som bygde seg opp undervegs.

Eg hatar eigentleg skrekkfilmar, men eg syns denne var bra. Trur det var fordi du ikkje blei vettskremt så ofte. Du berre pusta tungt gjennom heile filmen, seier Turvoll.

Ho er sikker på at filmen vil trekke til seg eit ungt publikum, men meiner også at den kan appellere til andre aldersgrupper.

– Eg trur den passar godt for både unge og vaksne. Pappa hadde elska denne, seier ho.

Villmark 2-premiere

FORNØGD GJENG: Produsent Einar Loftesnes, Ellen Dorrit Petersen, Anders Baasmo Christiansen, regissør Pål Øie og produsent Bendik Heggen Strønstad var veldig glade for å sjå så mange unge i kinosalen.

Foto: Line Omland Eilevstjønn / NRK

Ville nå ungdommen

Ein av kveldens hovudpersonar gleda seg over det unge klientellet i kulturhuset.

I går var vi på førpremiere på Stranda, og då var salen full av vaksne. Det er moro det òg, men det er dei unge vi helst vil treffe, seier produsent Einar Loftesnes. Sogndølen gledde seg stort til å vise fram tre års arbeid til heimbygda si laurdag kveld.

Tre timar før filmen skulle starte, var salen så godt som utseld. Det varmar hjartet til ein produsent.

– Dette er babyen vår. Vi har jobba med den sidan 2012, så det har vore litt av eit svangerskap. Det blir utruleg spennande å sjå korleis publikum reagerer. Det er trass alt det som er det viktige, ikkje talet auge på terningane rundt omkring.