– Det er dyrt, men det er framtida mi, og forhåpentlegvis ein del av framtida til andre bønder, seier den unge bonden når han ser seg rundt i den nye fjøsen.
For i ei tid der stadig fleire gardsbruk vert lagde ned, og bondeyrket slit med rekruttering, er Olav Ugulen ein som går mot straumen. Der andre vel å leggje inn årene, valde han å satse stort. Skikkeleg stort. Heile ni millionar har den unge bonden investert i mjølkeproduksjon på garden på Indre Hafslo i Sogn.
Ein kan gjerne kalle han modig, men for den unge bonden var det å satse på bondeyrket eit naturleg val.
Anten satse eller slutte
Etter tre år på jordbrukshøgskulen på Mo vende odelsguten nasen heim for å hjelpe far sin på garden. Etter kvart kom tida for at han skulle ta over, og då stod han ovenfor eit avgjerande vegskilje.
– Utstyret på garden var gamalt og trong ei opprusting. For meg var valet enkelt. Anten så måtte eg investera, eller så måtte eg slutta, fortel Ugulen.
– Eg valde å byggje nytt, og det angrar eg ikkje på enno, seier Ugulen.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
(Artikkelen held fram under biletet)
Positive tilbakemeldingar
Den toppmoderne fjøsen til ni millionar stod klar 17.mars, og har no vore i bruk i éin knapp månad. 24 nøgde kyr står på båsen. Fjøsen er høgteknologisk med mjølkerobot, automatisk kraftfôranlegg og fôrblandar, samt elektrisk kløpinne som har blitt ein favoritt blant kyrne.
Og reaksjonane på storsatsinga har for det meste vore av det positive slaget.
– Det har vore positive ord for det meste, enkelte har nok meint at eg er galen, men det har i all hovudsak vore gode tilbakemeldingar. Far min var naturleg nok litt skeptisk i byrjinga til all denne teknologien, men etter kvart greidde eg å overtale han og, fortel Ugulen.
(Artikkelen held fram under biletet)
At den unge bonden har vald å satse så stort er næringssjefen i Luster kommune, Olav Grov, godt nøgd med.
– Eg er veldig glad for at stadig fleire ungdommar i Luster satsar på landbruk og satsar skikkeleg på det. Det er ei ynskt utvikling og me ser resultat av det, seier Grov.
Automatisk fôring og mjølkerobot
I den nye fjøsen til Olav Ugulen ser ein kva som er mogeleg å få til med ein dose pågangsmot og ein kommune som satsar på unge bønder som vil noko. Med ei gunstig låneordning frå Luster kommune sitt næringsfond, stønad frå Innovasjon Noreg samt eigne midlar har draumen om storfjøsen blitt røynd. Ni millionar har materialisert seg til ein høgteknologisk fjøs.
– Alt her i fjøsen er automatisk. Her føregår alt ifrå automatisk fôring med maskin til mjølking med mjølkerobot, fortel Ugulen. Eg har eigentleg ikkje behov for å vere så mykje i fjøsen, men eg likar å sjå til at dyra har det bra, held han fram.
Meir tid til dyra
No som mange av dei tidlegare arbeidskrevjande oppgåvene er blitt automatiserte har han meir tid til å passe på at dyra har det bra, og han kan tidlegare enn før fange opp om noko er gale.
– Ved hjelp av dataen som registrerer kor mykje den enkelte et, og kor mykje dei mjølkar, så kan eg no mykje raskare fange opp om det er ei ku som et for lite eller eg kan oppdage ein spenebetennelse mykje tidlegare, fortel Ugulen medan han peiker på skjermen som gir han full oversikt.
(Artikkelen held fram under biletet)
At dei teknologiske løysingane har letta kvardagen til bonden er det ingen tvil om.
– Eg slepp å følgje klokka, og eg slepp å tenkje på at eg skal heim og mjølke kyrne klokka fem.
- LES OGSÅ:
Framtidstru
Når det gjeld framtida til norsk landbruk er odelsguten både realist og optimist.
– Per dags dato ser det ikkje så veldig lovande ut. Det kunne lett ha vore betre for å seie det slik, men no er det landbruksforhandlingar og så får me berre håpa at politikarane i både kommunar og på storting får opp augo og ser at norsk mat må me ha, og at landbruket er viktig, seier Ugulen.
Men at den teknologien han har i fjøsen er eit steg i rett retning, er den unge bonden overtydd om.
– Dette er framtida for dei som skal leve av å driva med mjølkeproduksjon, det både vonar og trur eg, seier Ugulen før han sender den neste kua inn til mjølkeroboten.