Hopp til innhold

Ulveobservasjonar i Eid

Det er igjen observert ulv på Nordfjordeid, og det skapar uro blant bøndene.

Det er igjen observert ulv på Nordfjordeid, og det skapar uro blant bøndene.

ULV I NORDFJORD: Er dette spor etter ulven i Nordfjord? Både spor i snøen og denne hårtusten trur bøndene stammar frå ulven som er observert i området. (Foto/redigering: Ole Andre Rekkedal/Steinar Lote)

I fjor vart ulven observert fleire stader i området, men jakta gav ikkje resultat. Seinast laurdag gjorde Arne Dahl, som er leiar i Eid Geit og Sau, ein observasjon av det han sjølv meiner er ulvespor.

– Det var noko stort som hadde gått der, men det hadde kome nokre millimeter nysnø så det var vanskeleg å få tatt nok skikkeleg biletet av det, seier Dahl.

Ifølge Fjordenes Tidende vart ulven sett fleire stadar i sentrumsnære område av Eid.

– Eg bur meir eller mindre midt i sentrum, og spora gjekk i retning av det nye byggefeltet, så den er komen litt for nær.

Hår til analyse

Bøndene sender no inn hårprøver i håp om å få dokumentert at det er ulv i området

Arve Dahl

SIKKER PÅ AT DET ER ULV: Arne Dahl er leiar i Eid Geit og Sau.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

– Vi har heldigvis folk som hjelper til, og som er ute i skogen og ser etter spor. Vi har ein som har samla opp mykje hår frå den råsa der ulven gjekk tidlegare i år. Dei pleier som regel å ha same reviret, seier Dahl.

– Er det mange som no er urolege, når det blir gjort observasjonar så nærme sentrum?

– Ja, og det er ikkje berre her i sentrum folk er urolege, dei er uroa oppe i Heggjabygda også. Det er ikkje så kjekt å gå tur om kvelden når ein har noko slikt gåande.

(Artikkelen held fram under)

Arne Dahl og Arne Knut Ohrvik

IKKJE I TVIL: Arne Dahl og Arne Knut Ohrvik, seier dei begge har sett ulv.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Kjenner seg ikkje trudde

Det har vore fleire observasjonar av ulv, men bøndene på Nordfjordeid kjenner seg ikkje trudde når dei meiner det igjen er ulv i området.

– Vi blir ikkje trudde om vi så ser ein ulven i augo. Det som hadde vore fint er om dei kunne seie at det var ein ulv, no går vi med uvissa heile tida for kva det er, seier Dahl.

Rein Arne Golf

IKKJE SIKRE NOK SPOR: Rein Arne Golf er rovviltansvarleg i Statens naturoppsyn.

Foto: Arve Uglum / NRK

– Spora og observasjonane av det bønder på Nordfjordeid meiner er ulv har ikkje vore gode nok til at Statens naturoppsyn kan stadfeste at det faktisk er ulv i området, seier Rein Arne Golf, som er rovviltansvarleg i Statens naturoppsyn.

Han avviser at bøndene ikkje blir trudde, og seier det blir stilt krav til dokumentasjon.

– På dei bileta eg har fått inn så klarer ikkje eg å sjå at det er ulv. Det manglar blant anna målestokk i biletet. Det er og vanskeleg og skilje mellom hund og ulv. Dersom vi skal vere sikre på om der er ulv eller hund så må vi kunne følge sporet over eit stykke for å sjå korleis det oppfører seg i terrenget, seier Golf.

Løyve til å felle éin ulv

Hermund Mjerlstad, viltforvaltar

LISENSJAKT: Viltforvaltar Hermund Mjelstad seier det er løyve til å felle éin ulv att.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Hermund Mjelstad, viltforvaltar hjå fylkesmannen, seier det er vanskeleg å seie om ulveobservasjonane er ekte i og med at Statens naturoppsyn ikkje har klart å dokumentere dei enda.

– Håfunnet kan vere viktig. For då kan ein klare å finne DNA som slår fast om det er ulv. Så slike observasjonar må ein melde frå om, seier Mjelstad.

Kan ein jakte på dyret, dersom det viser seg å vere ulv?

– Ja, det er lisensjakt. Den kvoten er på tre ulvar, to av dei er felt i Vest-Agder tidlegare, slik at det er løyve på éin ulv att. Den kan fellast i tida ut mars, og alle jegerar kan ta på seg oppgåva.

– Det einaste kravet er at dei må registrere seg i jegerregisteret og ha løyve av grunneigar. Så då er det fritt fram for alle som har lyst, fortel han.

Ulvejakt

Mjelstad seier det er vanskeleg å jakte på ulv, men det som gjer det litt enklare no er at det er sporsnø.

– Då er det lettare å finne ut om dyret er der.

Lisensjakta på ulv varer ut mars. Sjølv håpar Dahl å kunne ta dyret i livet.

– No har eg ein reveboks som fangar dei levande, så eg håpar den er så tylen at den går inn i den. Dei seier det er ein snill ulv, så då kan vi sende den austover, seier Dahl.