Hopp til innhold

Enorme steinar sperrar vegen - full stogg i produksjon av flaskevatn

Dei ti tilsette ved Olden Brevatn får fri på ubestemt tid etter at fabrikken verken har vegtilkomst eller straum.

Steinen som traff vegen er større enn ei gravemaskin.

ENORM STEIN: - Steinen har treft vegen akkurat der straumkabelen går, men vi håpar den ikkje er skadd, seier energisjef Jan Træen i Stryn Energi.

Foto: Jan Træen

– Vi får ikkje gjort noko når der ikkje er straum, og ikkje kjem vi oss til fabrikken heller, seier vedlikehalds- og kvalitetsleiar ved Olden Brevatn, Helge Kvame. Verksemda som produserer flaskevatn får ikkje tappa vatn dei næraste dagane.

Fredag kveld gjekk det fem ras på vegen til Oldedalen i Stryn.

Ingen veg til Oldedalen med det første

VIL TA TID: Det er uklart kor tid vegen til Oldedalen er rydda og kan opnast igjen.

Foto: Jan Træen

Oppryddingsarbeidet har starta, men geologar som har vurdert området meiner det ikkje har vore trygt å halde fram arbeidet. Rasa drog også med seg straumlinjene, og Stryn Energi får ikkje fullført deira reparasjonar før vegen er på plass og området er tryggare å arbeide i. Dermed er bygda utan veg og straum.

– Vi har gjort førebuingar og greve fram kablar, så vi er klare til å starte på reparasjonane i morgon tidleg. Heile linja er reist på fjorden, så i morgon skal vi frakte inn stolpar med båt, fortel energisjef i Stryn Energi, Jan Træen.

Han seier dei er optimistiske og håpar å kome i mål med arbeidet i løpet av morgondagen.

– Men det er ein stein større enn ei gravemaskin som har treft vegen akkurat der straumkabelen vår går, og vi veit ikkje om den er skada. Vi håpar den er i god stand. I verste fall står det ei gamal straumlinje som vi kanskje kan kople opp, seier Træen.

Fyller eit vogntog kvar andre time til vanleg

I flaskefabrikken blir det uansett ein stille dag i morgon.

– På det meste produserer vi 21 600 halvlitersflasker i timen, det blir eit vogntog kvar andre time om lag. Men utan straum får vi ikkje produsert noko, og utan veg får vi heller ikkje transportert vekk varer, seier Kvame.

Olden Brevatn

UTAN STRAUM: Olden Brevatn får ikkje produsert vatnet sitt utan straum, og utan veg kjem heller ikkje dei tilsette seg til fabrikklokala i Oldedalen.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Før ein veit kor lenge dei er utan veg og straum veit dei heller ikkje noko om dei økonomiske konsekvensane.

– Vi taper produksjonsdagar, og rett opp under jul har vi gjerne ein liten oppsving, men det passar vel aldri å bli stogga på denne måten. Vi har likevel rikeleg med varer på lager i Bergen og Kristiansand, så eg trur ikkje det vil bli tomt for varene våre i butikkane.