Hopp til innhold

UDI treng 30.000 nye ordinære asylmottaksplassar

NORDFJORDEID (NRK): Det historisk høge talet kjem etter at tilstrøyminga av asylsøkjarar slår alle prognosar. På berre éi veke har UDI bestemt seg for å doble talet mottaksplassar dei i dag lyser ut på anbod.

Christine Wilberg

BEHOV: Avdelingsdirektør i UDI seier behovet for asylmottaksplassar er svært stort.

Foto: Nora Lie/UDI

I eit industriområde i Eid i Sogn og Fjordane tilbyr John Olav Lefdal eit tidlegare skipsverft som asylmottak

– Eg har ledig 1.000 kvadratmeter med kontor, kantine og kjøkken, samt ein brakkerigg, seier John Olav Lefdal.

Han hadde aldri trudd at verftet han eig kunne bli base for eit asylmottak.

Men både private selskap og Eid kommune har alt meldt frå om at området er eigna. For no er gode råd dyre.

Har sprengt alle prognosar

Straumen av asylsøkjarar har sprengt alle prognosar. Avdelingsdirektør Christine Wilberg i UDI seier dei i dag kjem til å lyse ut 30.000 ordinære mottaksplassar på anbod, det er over ei dobling av kva dei trudde førre veke.

– Eg trur aldri vi har lyst ut så mange plassar i ein konferanse. Det er framleis slik at innkomsten aukar, seier Wilberg.

UDI trudde seinast førre veke at dei trengde 15.000 nye plassar, no er talet dobla.

– Vi enda med 8.700 innkomstar i oktober mot 4.900 månaden før. Då såg vi at vi måtte få talet på plassar opp, seier Wilberg.

Har kopla inn DSB

Men det er langt frå sikkert at UDI finn plassane dei treng. Tidlegare i haust søkte UDI etter 7.500 plassar, men enda opp med berre 3.180.

– Får vi ikkje nok plassar, må vi sjå på andre måtar å dekkje behovet på, seier Wilberg.

Derfor er Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap kopla inn i arbeidet med å skaffe folk tak over hovudet.

– Dei hjelper oss med å skaffe litt større anlegg, seier Wilberg.

– Kor går grensa for kva ein kan gjere før situasjonen ikkje vert råd å handtere?

– Det er noko vi må vurdere fortløpande, seier Wilberg.

Kan bestille fleire brakker

UDI torer ikkje seie noko sikkert om korleis pågangen vil utvikle seg i månadane framover, eller kome med anslag på kor mykje plassane vil koste.

John Olav Lefdal

ER KLAR: John Olav Lefdal hadde aldri trudd at skipsverftet hans kunne bli aktuelt som asylmottak.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Lefdal ikkje vekk frå at han må bestille fleire brakker ved skipsverftet.

– I ei krise er ikkje det noko problem. Det er apparatet rundt som bestemmer om dette skal bli vellukka eller ikkje, seier Lefdal.