Hopp til innhold

Bombehund fann farleg sprengstoff i pakken

LÆRDAL (NRK): Det var farleg sprengstoff i den kvite pakken som blei funne i Lærdal tysdag. Mannskap frå politiet i Oslo og ein bombehund har no fjerna pakken, og evakueringa av området er oppheva.

Bombegruppa i Lærdal

I ARBEID: Her er mannskap frå Forsvaret og bombehunden i arbeid med pakken i Lærdal.

Foto: NRK-tipsar

– Det var Politiet si bombegruppe som var på staden, og dei seier at det var ein farleg pakke med innhald av eksplosiv art, seier operasjonsleiar i Sogn og Fjordane politidistrikt, Olaug Holme, til NRK.

Ifølgje Sogn Avis heiter hunden Mac og er ein spesialtrena bombehund av typen springer spaniel.

Ho seier at åstaden no er frigjeven og at dei evakuerte i området kan flytte tilbake til heimane sine. Politiet veit førebels ingenting om kvar sprengstoffet kjem frå, eller meir eksakt kva sprengstoff som er i den 10 ganger 10 centimeter store pakken.

– Kva skjer med pakken vidare?

– Den tek bombegruppa til politiet no hand om, seier Holme.

Politiet sperra av område i samband med melding om ein mistenkeleg pakke. Seinare på kvelden fekk bombeekspertar stadfesta at pakken inneheldt sprengstoff.

FANN KVIT PAKKE: Det blei slege full alarm i Lærdal etter funnet av ein pakke i sjøkanten i Lærdal. No er bombegruppa på veg. (Foto: Halvor Farsund Storvik / Jan Christian Jerving / NRK)

Ein mann og ein bombehund frå politiet i Oslo byrja klokka 21 i kveld og sjekke den mystiske, kvite pakken som førte til at eit stort område i Lærdal blei evakuert onsdag ettermiddag.

Ekspertane frå Oslo køyrde i bil frå Oslo til Lærdal, og var framme litt før klokka 21 i kveld.

Delar av eit bustadfelt mellom sentrum og sjukehuset blei sperra av og fleire familiar i området blei evakuert.

Fann pakken i stranda

Pakken blei funnen i sjøkanten tysdag kveld. Vedkommande skal ha teke pakken med seg heim.

– Pakken er kring 10 ganger 10 centimeter stor, den er godt innpakka med veldig mykje tape, sa lensmann Per Thomas Klingenberg til NRK.

– Kva som gjer at de mistenkjer sprengstoff?

– Det er forma og måten den er pakka inn på, sa Klingenberg til NRK like før klokka 15 i ettermiddag.

Politiet vart varsla om pakken allereie tysdag kveld, men betjentane ved lensmannskontoret vart først kjend med meldinga onsdag.

Laster Twitter-innhold

Følte at det var under kontroll

Etter det ordførar Jan Geir Solheim (Sp) opplyste at situasjonen var under kontroll, og at dei stolte på politiet.

– Dei er nok usikre på kva dette er, men dersom det er det verst tenkelege, så ynskjer dei å få det avklart. Det kan jo vere sprengstoff, sa Solheim.

Ifølgje ordføraren seier politiet at situasjonen ikkje er dramatisk for andre.

– Det er ikkje slik vi ynskjer å ha det, men det er veldig trygt og godt når politiet seier at dei har full kontroll og ventar på ekspertar. Eg føler situasjonen er under kontroll, seier han.

Sperring i Lærdal

POLITI PÅ PLASS: Mannskap frå fleire lensmannskontor i Sogn har no kome til Lærdal.

Foto: NRK-tipsar
Lærdal