Hopp til innhold

Politiet valde lang omveg - ambulansane kom fram ein time før

Lokalpolitikarar i Årdal er særs kritiske til politiet si responstid etter gårsdagens busskapring der tre personar vart drepne av ein asylsøkjar i bussen.

Bårebil kjem til åstaden på Årdal-Tyin der tre vart drepne i ei busskapring

FÅR KRITIKK FOR RESPONSTIDA: Lokalpolitikarar i Årdal er kritiske til at politiet brukte ein time og 14 minutt på å nå fram til åstaden.

Foto: Øyvind Bye Skille / NRK

– Heilt konkret i denne saka, så er det klart at responstida vart alt for lang, seier ordførar i Årdal, Arild Ingar Lægreid.

Han får støtte av Sp-politikar i Årdal, Aleksander Øren Heen.

– Eg tenkjer at ein time og 14 minutt er uakseptabel responstid. Åstaden var fem kilometer frå Øvre Årdal sentrum, som er ein av dei store tettstadene i fylket. Det er for lang tid, ikkje tvil om det, seier Heen.

Politiet har etter aksjonen i går fått krass kritikk for at dei brukte ein time og 14 minutt frå dei vart varsla om hendinga til dei var framme på staden. Politiet valde å køyre ein 37 kilometer lang omveg for å kome til staden.

Frå Helse Førde får NRK.no stadfesta at ambulansane deira køyrde fylkesveg 53 via Årdal mot Tyin. Dei var framme ved bussen klokka 17:50 - om lag ein time før politiet.

Alle dei tre personane som var om bord i Valdresekspressen i går kveld vart knivdrepne av ein asylsøkjar frå Sør-Sudan.

(Artikkelen held fram under biletet)

Alexander Øren Heen

UAKSEPTABEL UTRYKKINGSTID: Sp-politikar i Årdal, Aleksander Øren Heen, meiner politiet si utrykkingstid til åstaden etter busskapringa i går ikkje held mål.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Politiet frykta vegarbeid ville hindre dei i å nå fram

Lensmann i Sogndal, Åge Løseth, forklarar at patruljen var redd vegarbeid ville forseinke dei enno meir om dei valde den kortaste vegen.

– Slik eg har fått opplyst så rykte patruljen ut på melding om trafikkulukke, det andre kom seinare. Patruljen hadde erfaring med at vegen mellom Øvre Årdal og Årdalstangen kunne vere steng på grunn av vegarbeid. Det hadde dei opplevd før. Så for å vere trygge på å kome fram og ikkje måtte vente på vegrydding, valde dei å køyre over Tyin, seier Løseth.

Åge Løseth

POLITIET TOK INGEN SJANSAR: Patruljen som først vart kalla ut, var redd for å verte stogga av vegarbeid, og valde difor å køyre ein omveg på 37 kilometer, seier lensmann i Sogndal, Åge Løseth.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Han kjenner heller ikkje til om ein prøvde å kontakte dei som hadde ansvar for vegarbeidet, for å sikre klar bane. Han fortel også at dei kalla ut lokalt politi i tillegg til patruljen som rykte ut frå Lærdal.

– Det var to politifolk i Årdal som hadde frivakt. Dei vart også brukt, men måtte først køyre til lensmannskontoret, væpne seg og køyrde då vidare mot åstaden så fort dei kunne. Men den patruljen kom ikkje fram så mykje raskare enn den som kom frå Lærdal. Slik eg har forstått det, så kom dei to patruljane frå kvar sin kant om lag samstundes, seier Løseth, og understrekar at han ikkje har tidsdetaljane enno.

Set saka inn i eit større perspektiv

Ordføraren set også hendinga og den lange responstida inn i eit større perspektiv. Lensmannskontoret i Årdal er eitt av kontora som er føreslått nedlagt i politianalysen.

– Eg gjer mine tankar rundt det som skjer i politiet rundt sentralisering i politiet. No vil dei også drøfte å kutte ut lokal lensmann. Det er eg heilt i mot. Dei er ein viktig brikke i det førebyggande arbeidet.

– Er det ein tankevekkar til regjeringa som skal fatte vedtak om politistrukturen i Noreg?

– Det bør det vere, seier Lægreid.

Arild Ingar Lægreid

MISNØGD ORDFØRAR: Arild Ingar Lægreid, ordførar i Årdal, meiner responstida var for lang.

Foto: NRK

Også Heen meiner denne saka løftar ein viktig debatt, og vil gjere at folk i Sogn og Fjordane ser at vi treng lokalt politi i fylket.

– Politiet må få krav om responstid. Eg blir uroa når vi har ein politianalyse som går inn for å legge ned mange lensmannskontor i distrikta, og fjernar politiet frå der folk bur. Vi meiner vi har befolkningsgrunnlag til å ha lensmannskontor som kan yte nødvendige tenester til folk i bygda, og at det er trygt å bu her.

Han trur at politiet må ta ein skikkeleg gjennomgang av saka og handteringa.

– Det er klart at det vil bli ei sak om responstid, og korleis politiet og dei andre har handtert saka. Det må evaluerast og sjå på om noko kunne vore gjort annleis eller betre. Det må kome fram opplysingar om arbeidet politiet gjorde, seier Heen.