Hopp til innhold

Tynn klimarapport, seier Aall

Klimaforskar Carlo Aall i Vestlandsforsking meiner stortingsmeldinga om klimatilpassing er eit vonbrot.

Carlo Aall

- PINLEG INNHALD: Klimaforskar Carlo Aall.

Foto: Arve Uglum / NRK

Sist veke presenterte miljøvernminister Bård Vegar Solhjell regjeringa sin plan for korleis Norge skal bu seg på eit varmare og våtare klima, men det vart ikkje løyvt pengar til arbeidet.

Aall synest rapporten er tynn.

– Det er mest ein fagrapport om klimaendringar og minst av alt ein politisk rapport som seier noko om handling.

(Artikkelen held fram under biletet).

Ras på Berge i Høyanger

FLEIRE RAS: Slik såg det ut på Berge i Høyanger 27. desember 2011.

Foto: Steinar Lote

– Pinleg seanse, pinleg innhald

Stortingsmeldinga om klimatilpassing har vorte utsett i i lang tid, men sist veke vart rapporten lagd fram nærast i det stille. Aall hadde store forventningar til innhaldet, men vart skuffa.

– Heile greia var nærmast ein pinleg seanse, og det var eit pinleg innhald.

Regjeringa presiserer at det er kommunar og fylkeskommunar som må ta størst ansvar for klimatilpassing, men korleis dei skal få råd til dette står det lite om.

Utan øyremerkte pengar vert det i praksis lite klimaarbeid, fryktar Carlo Aall.

– Det er klart at det kjem til å koste pengar å gjere noko med det, og det krevst auka ressurar for å finne ut kva ein skal gjere.

– Når ingen av desse faktorane er på plass kan ein vere freista til å tru at regjeringa meiner det ikkje er så farleg med klimatilpassing i Norge, dette ordnar seg sjølv.

(Artikkelen held fram under biletet).

Bård Vegar Solhjell (SV)

- HANDLAR OM HALDNINGAR: Miljøvernminister Bård Vegar Solhjell.

Foto: Poppe, Cornelius / NTB scanpix

– Heilt feil å øyremerke


Men miljøvernminister Bård Vegar Solhjell meiner dette handlar meir om haldingar enn eit stort behov for pengar.

– Klimatilpassing handlar om korleis vi i all samfunnsplanlegging i kommune og stat skal ta omsyn til at klimaet endrar seg. Det kan difor ikkje vere ein eigen sektor med eigne pengar.

– Det dreier seg mellom anna at vi må bygge vegane meir robuste og planlegge hamner og bustader litt lengre frå havoverflata på grunn av havnivåstigning. Difor må dette inn i alt arbeid i kommunane, og det vil vere heilt feil å øyremerke pengar til klimatilpassing, seier Solhjell.

Øyvind Bang-Olsen

ETTERLYSER PENGAR: Rådmann Øyvind Bang-Olsen i Naustdal.

Foto: Sogn og Fjordane Journalistlag

Etterlyser pengar

Rådmann Øyvind Bang-Olsen i Naustdal seier kommunane treng meir pengar for å kunne tilpasse seg klimaendringane. Han seier at klimatilpassing er eit kostbart arbeid for små og fattige kommunar.

– Det hadde vore ynskjeleg at det var meir finasiering bak, fordi det vi har sett er at vi brukar meir tid og kapasitet på risikoplanlegging. Det er meir krevjande å drive bustadplanlegging, det er meir krevjande å halde standarden på bygg og anlegg.

For om lag fire år sidan var tidlegare fylkesmann Oddvar Flæte leiar for utvalet som laga ei utgreiing om korleis Norge bør tilpasse seg klimaendringane, ein såkalla NOU.

Dette arbeidet skulle legge grunnlaget for den nye stortingsmeldinga. Her vart det presisert at det er behov for øyremerkte midlar til klimatilpassing.

Jostein Aanestad

ETTERLYSER PENGAR: Rådmann Jostein Aanestad i Sogndal.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Flæte vil ikkje la seg intervjue om kva han synest om stortingsmeldinga, men
rådmannen i Sogndal, Jostein Aanestad, som også var med i utvalet, er ikkje nøgd.

– I NOU-en vart det føreslege å innføre ei plikt for kommunane å ta kilmaomsyn i planlegginga si. Det var og framlegg om ei ordning med øyremerkte tilskot for å styrke kapasitet og kompetanse i kommunane til å gjere jobben. Det finn eg ikkje att i stortingsmeldinga.