Hopp til innhold

Ungdom strøymer til lenkeaksjon på Twitter

Natur og ungdom har no starta ein twitteraksjon mot gruvedeponi i Førdefjorden.

Jeg lenker meg

KLAR TIL Å LENKE SEG: Styremedlem Magnus Storvoll Strømseth i Natur og ungdom.

Foto: Pressefoto / Natur og ungdom

Frå før har organisasjonen oppretta ei liste for folk som vil markere motstanden mot fjorddeponi med å lenke seg saman i protest. Der har dei no fått 1388 personar på lista, seier styremedlem Magnus Storvoll Strømseth i Natur og ungdom.

– I tillegg har rundt 500 personar bruk hashtagen Jeg lenker meg, så det går veldig bra. Vi merkar at det er høgt trykk rundt saka.

– Kor forpliktande er det at dei melder seg på slike aksjonar?

– Dei som skriv seg på meiner det er ei så viktig sak at dei faktisk er viljuge til å drive med sivil ulydnad. Så får vi sjå kor mange som møter opp når det kjem til stykket, men eg trur det vil vere dei fleste.

Laster Twitter-innhold

Og Strømseth har registrert at dei no får oppslutnad frå langt fleire enn den harde kjernen i Natur og ungdom.

– Det dukkar heile tida opp unge folk som eg ikkje kjenner att frå Natur og ungdom frå før. Vi ser at dette er ei sak ungdommen bryr seg om.

Engebø og Førdefjorden

HER KAN DET BLI LENKER: Førdefjorden med Engebø i bakgrunnen.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Møte om sivil ulydnad

Komande onsdag skal Natur og ungdom arrangere eit møte på Vevring skule om sivil ulydnad.

– Det gjer vi for å informere om det vi planlegg, og så håpar vi å få med fleire og få litt input frå lokalbefolkninga.

Det kan ta lang tid før det skjer noko konkret med etableringa av gruvedrift i Engebøfjellet, og spørsmålet er om dei som no melder seg til lenkegjengen framleis vil vere der når det skjer.

– Det vil tida vise. Men eg trur vi skal greie å halde oppe eit visst trykk ei god tid framover, når det er så mange som er engasjerte i saka og som synest det er ei så viktig sak.