Hopp til innhold

Tvilar på regjeringa sine signal om ny bru

GLOPPEN (NRK): Vil kommunesamanslåingar kunne gi nye vegar, tunnelar og bruer? Folkerøystinga i Nordfjord kan vise om folk trur på signala frå regjeringa.

Odd Rune Heggen i førarhytta på lastebilen

TVILAR: Lastebilsjåfør Odd Rune Heggen har ikkje mykje tru på at det kjem ei bru over Nordfjorden - sjølv om Eid og Gloppen skulle slå seg saman.

Foto: Silje Guddal / NRK

– Det hadde vore kjekt med ei bru. Då slepp eg å vente på ferje, seier Odd Rune Heggen.

Han har akkurat parkert lastebilen på Anda ferjekai, og må vente nokre minutt på å komme seg ombord og over fjorden til Lote.

Her vil mange ha ei bru, som vil kunne knyte saman nabokommunane Eid og Gloppen på kvar si side av Nordfjorden.

– Trur du det blir enklare å få bru om de slår dykk saman?

– Kanskje - men eg tvilar. Det kan lett vere eit lokkemiddel, seier Odd Rune Heggen.

Signaliserte god dialog med kommunane

Regjeringa har i praksis opna for at kommunane kan slå seg saman for å oppnå nye vegar, tunnelar eller bruer. Mellom anna har etatane som jobbar med transportplanen (NTP) fått instruks om å ta omsyn til nye storkommunar.

– NTP skal lage store bu- og arbeidsmarknadsregionar som knyter kommunar saman og styrkjer næringslivet. No skal vi gå i dialog med kommunane for å finne dei gode prosjekta, men det vil bli ein hard kamp, sa statssekretær Reynir Jóhannesson (Frp) i Samferdsledepartementet i vinter.

Journalist Aadne Gloppestad i Firda Tidend

MERKAR ENGASJEMENTET: Kort tid etter at han la ut eit ja-innlegg til kommunesamanslåing på nettet, fekk Journalist Aadne Gloppestad i Firda Tidend ein telefon frå ein skeptikar. Han ønskte at nettavisa også la ut eit nei-innlegg.

Foto: Silje Guddal / NRK

Rekordmange innlegg i lokalavisa

I Nordfjord er det måndag folkerøystingar som vil vise om folk trur på regjeringa. Eid og Gloppen har inngått ein intensjonavtale, der det kjem tydeleg fram at ei bru er avgjerande for det vidare samarbeidet.

Framtidig realisering av brua er ein premiss for etablering av den nye kommunen

Intensjonsavtale for Nordfjord kommune

Og no rasar debatten om kommunesamanslåing. Folk er opptekne av kva utfallet kan bli for den etterlengta brua mellom kommunane. I lokalavisa Firda Tidend har det vore rekordmange spaltemeter med lesarinnlegg om saka.

– Dei siste par vekene har det teke veldig av. Vi merkar godt at folk bryr seg om dette - det betyr noko for folk om vi skal stå åleine eller slå oss saman, seier journalist Aadne Gloppestad.

Svein Ottar Sandal

POSITIV: KrF-politikar Svein Ottar Sandal trur regjeringa vil gjere det kan for å få kommunikasjonen til å fungere etter ei eventuell kommunesamanslåing.

Foto: Silje Guddal / NRK

Splitta i synet på signala frå regjeringa

Folk NRK møter på Sandane er svært skeptiske til om ei kommunesamanslåing faktisk vil gjere at dei oppnår ei bru over fjorden. Men for Svein Ottar Sandal i Gloppen KrF har signalet om ei bru vore avgjerande for standpunktet om ja til kommunsamanslåing.

– Eg trur at regjering og storting tenkjer at ein samanslegen kommune har stort behov for ei bru. Dei må gjere det dei kan for å få kommunikasjonen til å fungere, seier han.

Men ordførar Leidulf Gloppestad (Sp) tar ikkje det for gitt. Etter eit folkemøte i vinter meinte han det ville vere å brenne trumfkortet, dersom kommunane slår seg saman før ein har fått lovnad om bru.

– Eg vil heller sitje på det kortet til eg får eit forpliktande vedtak på at brua kjem, sa han.