Hopp til innhold

– Trafikken på Nærøyfjorden er ute av kontroll

27 fartøy vil i sommar kjempe om å frakte turistar på Nærøyfjorden mellom Flåm og Gudvangen. Basert på trafikktala frå i fjor vil i snitt 8500 sete stå tomme på båtane, kvar dag.

Flåm med cruiseskip

POPULÆRT TURISTMÅL: Hundretusenvis av turistar reiser kvar år til Flåm og Gudvangen. Mange av dei tek seg ein tur med ein av dei mindre båtane som trafikkerer på verdsarvfjorden.

Foto: Merete Husmo Høidal / NRK

Nestleiar Leif Inge Underdal i Nærøyfjorden Verdsarvpark

VIL HA STRENGARE KRAV: – Vi skal utnytte turisttrafikken til det beste for næringsutviklinga og folk som bur langs fjorden, og sjølvsagt ta dei nødvendige miljøomsyn, seier Leif Inge Underdal i Nærøyfjorden Verdsarvpark.

Foto: Birger Meland / NRK

– Gapet er så stort at det fortel dei fleste at det er for mange båtar i forhold til passasjerar, seier Leif Inge Underdal, styrenestleiar i Nærøyfjorden Verdsarvpark.

Stupbratte fjell, gamle gardar som klamrar seg fast og ein isblå fjord. Ifølgje lokalbladet Aurlendingen lokka dette i fjor 300.000 turistar til ein båttur mellom Flåm og Gudvangen i Aurland. I snitt 2000 reisande dagleg.

Til sommaren skal 27 fartøy frakte turistar på verdsarvfjorden. Ei utrekning Aurlendingen har gjort viser at den samla kapasiteten er på 10.500 passasjerar dagleg. Med utgangspunkt i talet reisande i fjor, som vart vurdert som eit godt år, vil det bety ein overkapasitet på 8500 passasjerar dagleg.

– Styringa på trafikken er ute av kontroll, seier Underdal.

– På tolegrensa

Turistar frå heila verda strøymer kvart år til Flåm og Gudvangen for å oppleve verdsarvfjorden. Fleire av dei som tilbyr ein båttur mellom hamnene har auka kapasiteten før sesongen. Dette fører til større press på hamnene.

– Kapasiteten er sprengd, både natt og dag, seier hamnesjef i Aurland hamnevesen, John Erik Johnsen.

– Det er 27 fartøy som dagleg går ut og inn i Gudvangen. Det vil seie at det på fjorden er over 50 passeringar dagleg. Dette er på grensa til det ein kan tole av trafikk.

– Må sjå vårt behov

Ein av aktørane som driv transport mellom Gudvangen og Flåm er Norwegian Fjord Voyage AS. I sommar skal dei ha tre fartøy på fjorden.

– Turisttrafikken har gått opp frå år til år. Sist sommar hadde vi mange fullbooka båtar. Difor har vi i år sett inn ein båt som er litt større, seier Aanen Nilsen, som eig selskapet.

– Er det for mange båtar på fjorden?

– Det er umogleg for meg å seie noko om. Eg må sjå vårt behov, og jobbe ut frå det, seier Nilsen.

Noralv Distad

TURISTFJORDAR: Aurland-ordførar Noralv Distad meiner det er positivt at mange legg til rette for aktivitet på fjorden. I framtida ønskjer han seg ei nasjonal satsing på nasjonale turistfjordar.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Nasjonale turistfjordar

Alle rutene på Nærøyfjorden er kommersielle. Aurland-ordførar Noralv Distad seier det er bra mange vil leggje til rette for aktivitet.

Samtidig ser han behovet for å organisere turisttrafikken annleis framover. Han peikar på storsatsinga Nasjonale turistvegar (sjå faktaboks).

– Eg håpar vi kan få ei tilsvarande satsing på nasjonale turistfjordar. Dette ligg fram i tid, men vi må finne langsiktige løysingar slik at vi har gode tilbod på det flottaste vi kan tilby, nemleg fjordane, seier Distad.

Det har ikkje lukkast NRK å få tak i The Fjords som er den største aktøren på fjorden. Dei har kapasitet til å frakte 6000 passasjerar dagleg.