Turist såg bjørnen

Ein utanlandsk turist skal ha observert bjørnen i Jostedalen onsdag kveld. Jaktlaget søkte difor i området i fleire timar i natt.

I grålysinga torsdag morgon vart jaktlaget observert då dei samla seg ved Alsmo i Jostedalen. Fleire kjelder Sogn Avis har snakka med observerte at jaktlaget drog ut igjen i terrenget.

- No ønskjer jaktlaget å komme i kontakt med turisten som skal ha observert bjørnen i går, seier talsmann Arne Rebni Øvreås.

 

På Sunnfjord museum i Førde ligg det lagra over 13000 gamle gjenstandar. Men både dei tilsette og styret uroar seg over lagringstilhøva. I verste fall kan eldgamal kulturhistorie bli øydelagt.
Olden i Nordfjord er ein liten cruise-destinasjon, men tek imot store skip. 
To av verdas største cruiseskip ankra opp i morgontimane i dag, og tusenvis av turistar strøyma i land....
Tysdag 22. mai låg to av verdas største cruiseskip i Olden.