Hopp til innhold

Kvinne (19) sette seg bom fast i fjellet

Ei 19 år gamal kvinne frå Tsjekkia er no berga etter å ha gått seg skorfast i fjellet mellom Flatsteinbu og Kvame i Oldedalen. Redningshelikopteret har lokalisert kvinna og frakta ho ned att.

Redningsaksjon Kvame i Oldedalen

HENTA MED HELIKOPTER: Kvinna frå Tsjekkia måtte få hjelp frå redningshelikopteret då ho gjekk seg skårfast i fjellet. Ho er no henta ned att til Kvame i Oldedalen.

Foto: Olden Røde Kors

Politiet fekk onsdag ettermiddag melding om ei kvinne som hadde gått seg vill i fjellet i Oldedalen i Stryn kommune. Kvinna stod fast og ho visste ikkje kor ho var.

Like over klokka 15 melde politiet at kvinna var funnen i området Åbergsnibba og at ho vart frakta ned igjen til Kvame med redningshelikopteret.

– Kvinna vart funnen mellom 200 og 300 meter nedanfor Åbergsnibba i Oldedalen. Ho er frakta ned igjen i dalen med redningshelikopteret, seier operasjonsleiar for politiet, Wenke Hope.

Kom seg ikkje opp eller ned

Kvinna hadde gått i lag med to andre, men dei miste ho to timar før redningsaksjonen starta kring klokka 14.

Kvinna skal ha overnatta på Flatsteinbu i natt og skulle etter det politiet visste ha med seg litt utstyr.

– Nett no står ho heilt fast, og kjem seg ikkje verken opp eller ned. Ho står i ro der ho er no, så om ho greier å halde seg i ro vil ho vere trygg, sa Hope tidlegare.

Redningsaksjon Oldedalen

STOD FAST: Ei tsjekkisk kvinne måtte ha hjelp då ho sette seg fast i fjellet mellom Flatsteinbu og Kvame i Oldedalen (biletet).

Foto: Bengt Flaten / Fjordingen

Visste ikkje kvar kvinna var

Eit redningshelikopter vart kalla ut for å finne og redde ned kvinna, det same vart lokalt Røde Kors. I starten av redningsaksjonen visste ikkje politiet kor kvinna var utover kor ho hadde starta og kor turmålet var.

– Ho hadde ikkje med seg GPS, og veit ikkje sjølv heller kor ho er. Ho meiner sjølv ho kan sjå ned i ei bygd, og det trur vi må vere ned mot Kvame eller det området i Oldedalen, sa operasjonsleiaren for politiet då.

Redningshelikopter vart tilkalla

Klokka 14.35 opplyste Hope at redningshelikopteret er på plass i området, men dei har førebels ikkje funne kvinna.

Ho var i kontakt med politiet over telefon. Det er ifølgje Hope godt vêr i området.

Dei to andre i turfølgjet var begge komne trygt ned til Kvame då redningsaksjonen vart sett i gang.