Hopp til innhold

Trym (9) landa laks på 11 kilo

Ni år gamle Trym Solheim Håkonsen frå Sogndal landa i helga ein laks på 11,1 kilo i Orkla. Med det landa han også ein større laks enn pappa Yngve nokon gong har gjort.

Trym og pappa Yngve Håkonsen med laksen på 11,1 kilo.

FISKELUKKE: Trym (9) og pappa Yngve Håkonsen med laksen på 11,1 kilo.

Foto: Privat

Han var saman med faren, Yngve Håkonsen, som har fiska i elva i Trøndelag sidan 1996. Yngve hadde 11 timar tidlegare fått ein laks på 8,3 kilo på fluge, skriv ST-avisa-st.no .

Den fiskeglade niåringen landa sin første Orklalaks med sluk ved Bruhølen.

– Trym var med meg for første gong i fjor, då var han åtte år. Han fiska med slukstong, men då fekk han ikkje noko.

Trym og laksen

GLAD: Laksen er ikkje langt ifrå å vere like lang som Trym (9).

Foto: Privat

Og faren hadde vel ikkje rekna med at laksen ville bite på sluken til Trym dette året heller, men klokka 12.15 laurdag ropte niåringen: «Pappa, pappa, eg har fisk!»

– Han køyrde fisken i vel 15 minuttar, fortel pappa Yngve til NRK.no etter at dei er vel heimkomne og laksane trygt plassert i frysen.

For det skulle vise seg å vere ein kraftig rugg. Trym måtte etter kvart få hjelp av faren til å halde stanga, og dei siste metrane måtte dei sveive i lag.

Og då vekta kom fram viste det seg at laksen vog 11,1 kilo. Til samanlikning er den største laksen faren Yngve har landa 10,8 kilo.

– Det vart mykje merksemd på han, så mykje at han syntest det vart i meste laget, fortel Yngve.

Det skulle vel gjerne vere unødig å seie, men Trym er allereie klar på at han vil tilbake til Orkla når fisket opnar også neste år.