Hopp til innhold

– Å halde fram som eigen kommune står sterkt

Formannskapet i Aurland vil greie ut tre ulike alternativ når framtidas kommuneorganisering skal avgjerast.

Ordførar i Aurland, Noralv Distad er nøgd med pengane som regjeringa løyver til strakstiltak.

SJØLVSTENDIG: Ordførar Noralv Distad (H) vil gjerne greie ut tre alternativ når Aurland si framtid skal avgjerast, men sjølvstende er det alternativet som står sterkast.

Foto: Rune Fossum

Politikarane si tilråding til kommunestyret er å greie ut storkommune i Sogn og samanslåing med Vik, Voss, Granvin, Vaksdal og Ulvik i Hordaland.

Men siste alternativ, å halde fram som eigen kommune, står sterkt i Aurland.

– Vi har eit sterkt ressursgrunnlag og gode føresetnader for å gi innbyggjarar og næringsliv gode tenester. Difor er det absolutt eitt alternativ, seier ordførar Noralv Distad (H).

– Skal klare seg bra

Kommunereforma har hamna i sakspapira i alle kommunar, og det går føre seg no storstila sondering og planarbeid for om og kva utgreiingar som skal gjerast. Distad meiner dei har det som skal til for å klare seg utan samanslåing.

Og at det er gode grunnar for at Aurland skal klare seg bra på eigne bein.

– Det viktigaste er gode tenester og god utvikling i kommunane. Så er det også slik at vi ligg i eit geografisk veldig stort område, og har uansett lange avstandar til alle andre aktuelle stader for kommunesenter, seier Distad.

Har ei rettesnor

Kommunestyret handsamar saka 12. februar. Etter den tid legg kommunen opp til folkemøte og folkeavrøysting.

Distad tykkjer ikkje at det er underleg at han som Høgre-ordførar ynskjer å unngå samanslåing.

– Eg har heile tida sett på reforma som eit arbeid der målet i seg sjølv ikkje er samanslåing eller organisasjonsendring. Det handlar om gode tenester til innbyggjarane og god utvikling i kommunane, seier han og avsluttar:

– Så må kvar einskild vurdere om det er mest tenleg å slå seg saman med andre eller å løyse det med å halde fram som eigen kommune. Eg held heile tida fokus på kva som er innbyggjarane og kommunen sitt beste. Det trur eg alle saman må ha som rettesnor i det arbeidet som går føre seg.