Hopp til innhold

Ni grunneigarar håpar å sigre over Staten

Grunneigarane i Sørdalen naturreservat er sterke i trua på at får hindra at den nye 420 kV-linja frå Ørskog til Fardal blir lagt gjennom Myklebustdalen.

Knut Arild Elde og advokat Magne Revheim

TRYGG: Knut Arild Elde er trygg på at dei ni grunneigarane vil vinne fram i søksmålet mot Staten. I bakgrunnen står advokat Magne Revheim som representerer grunneigarane.

Foto: Ingunn Rauk / NRK

I dag starta rettssaka i Oslo tingrett, der ni grunneigarar i Myklebustdalen har saksøkt Staten og Staten i håp om å få stogga kraftmastene gjennom naturreservatet Sørdalen.

Dei ni grunneigarane krev stogg i anleggsarbeidet og andre tiltak som strir med verneforskriftene. Lina skal byggjast for å sikre kraftforsyning til Midt-Norge.

– Vi har eit godt håp om å vinne fram, seier Knut Arild Elde, ein av grunneigarane.

– Prinsipiell sak

Grunneigarane har gått til sak fordi Miljøverndepartementet la den omstridde kraftlinja frå Ørskog til Fardal gjennom Sørdalen Naturreservat, etter at den vart flytta frå Førdsdalen til Myklebustdalen. Dei meiner alternativa ikkje er vurdert godt nok.

Dei meiner den nye Naturmangfaldslova ikkje gir heimel til å gje dispensasjon til arbeidet. Advokaten til saksøkjarane, Magne Revheim, brukte i retten mykje tid på at det ikkje er gode nok grunnar for at lina skal gå gjennom det verna området.

(Saka held fram under biletet)

Grunneigarar møter staten i rettssalen.

SAKSØKT: Grunneigarar har teke Staten og Statnett til retten for å stogge kraftlina gjennom Myklebustdalen.

Foto: Ingunn Rauk / NRK

– Eg trur det som er mest urovekkande er at dette er ei veldig prinsipiell sak og følgjene det kan få nasjonalt om det blir gjeve dispensasjon på slikt grunnlag, seier Elde.

Omstridd line

Utbygginga av den 300 kilometer lange kraftlina har vore omstridd. Fagetatane gjekk inn for å leggje traseen gjennom Førdsdalen, men dåverande olje- og energiminister Ola Borten Moe (Sp) trossa desse råda og la lina gjennom Myklebustdalen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Elisabeth Denwig representerer Staten i saka mot grunneigarane i Sørdalen.

HAR RETT: Elisabeth Denwig (t.v.) representerer Staten i saka mot grunneigarane i Sørdalen.

Foto: Ingunn Rauk / NRK

Sjølv om grunneigarane varsla søksmål, starta arbeidet i verneområdet i slutten av september i år. Då etter å ha fått medhald i Fjordane tingrett. Regjeringsadvokat Elisabeth meiner lova opnar for å gje dispensasjon til arbeidet.

Grunneigarane meiner Miljøverndepartementet har tolka lova feil då det var andre traséalternativ utanfor reservatet.

– Miljøverndepartementet meiner det er heimel i naturmangfaldlova paragraf 48 for å gje dispensasjon for det ligg vesentlege samfunnsinteresser som gjer dispensasjon naudsynt.

Står mykje på spel

– Kva samfunnsinteresse er det?

– Det er kraftforsyninga til Midt-Norge.

Grunneigarane i Sørdalen meiner kraftlina set mykje på spel. I tillegg til inngrep i eit mykje nytta friluftsområde, meiner Elde at kraftlina vil øydeleggje for hjortejakt, hytteutbygging og friluftsinteresser.

– Men så er det også prinsippet om at her har ein måtte gå med på eit vern av område, og halde seg 100 prosent lojalt til det. Så kjem plutseleg staten og skal bruke området sjølv og då har du ikkje rettstryggleik lenger, seier han.

– Bør ta rekninga sjølve

Vidare meiner grunneigarane at tidspunktet for å gje løyve til lineframføring er av betydning for gyldigheita av vedtaket i 2011.

Argumentet med at ein no fryktar at arbeidet blir forseinka og fordyra om det blir stogga til ny trasé er klar, meiner Elder er eit problem som Staten må ta på si eiga kappe. Dette avviser advokat Stenwig.

– For det første meiner eg det ikkje er slik at ein kan bebreide Statnett for noko forseinking, men om det var slik så kan ein ikkje avslå ein dispensasjon av den grunn når det er kraftforsyning til Midt-Norge som er tema, seier ho.

Til Høgsterett

I retten hevda Revheim at utsettinga vil bli på eit halvt år, og ikkje eitt år som Miljøverndepartementet hevdar.

Han sa også at reservekraftverk kan setjast inn så lenge utbygginga går føre seg. Frå Staten si side vert det hevda at samfunnsnytten er så stor, at arbeidet med lina må haldast fram.

– Det skal vere høg terskel for å få dispensasjon frå vernereglane, men i dette tilfelle er dei interessene så tungtvegande at det er grunngjeve den dispensasjon som er gjeve, seier Stenwig.

Dersom Oslo tingrett ikkje gir dei medhald i sine synspunkt, er grunneigarane klare for å halde fram kampen.

– Ein skal ikkje forskottere slikt, men det er ei så viktig prinsipiell sak at den veldig truleg går rett til Høgsterett, avsluttar Elde.