Hopp til innhold

Trur reform kan gi kompetansesenter i distrikta

Nye regionale skattekontor må leggjast utanfor dei store byane. Det meiner sentralstyremedlem i Venstre, Alfred Bjørlo.

Alfred Bjørlo

PASSAR GODT: Sentralstyremedlem i Venstre, Alfred Bjørlo, meiner det ligg godt til rette for å leggje regionale skattekontor til distriktet.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

I går la regjeringa fram ei ny reform der skatteoppkrevjinga blir foreslått flytta frå kommunane til Skatteetaten.

Bjørlo seier at dette er ei gyllen moglegheit for regjeringa å vise at ein meiner alvor med å etablere statlege kompetansemiljø utanfor dei største byane.

– Skatteinnkrevjing er ein funksjon som utmerka godt eignar seg for å lokalisere kompetansemiljø utanfor dei største byane, seier Alfred Bjørlo, som er ordførar i Eid og sentralstyremedlem i Venstre.

Endringa trer i kraft 1. januar 2016

I dag eksisterer det 288 kommunale skatteoppkrevingskontor, som regjeringa i forslaget sitt vil legge ned.

Framlegget til ny reform innebere at skatteetaten overtek ansvaret frå kommunane.

All skatteoppkrevjing, og alt ansvar for å fastsette, krevje inn, og kontrollere skattar og avgifter skal ligge hjå Skatteetaten. Endringa skal etter planen tre i kraft 1. januar 2016.

Bjørlo vil at endringane i strukturen til skatteinnkrevinga skal brukast til å skape sterke bu- og arbeidsmarknadsområde i distrikta.

– Eg ventar at desse nye sentera og arbeidsplassane, viss dei skal på plass, systematisk vert lokalisert utanfor dei store byane og brukte til å skape dynamikk og sterke bu- og arbeidsmarknadsregionar i eit fylke som til dømes Sogn og Fjordane, seier Bjørlo.

Er ikkje ei sentraliseringsreform

Kvar dei nye kontora skal ligge er framleis uklart. Skatteetaten skal sende inn eit framlegg til kvar dei vil ha kontora sine innan 1. januar 2015.

Statssekretær i finansdepartementet Paal Bjørnestad er samd med Bjørlo i at dette gjev gode moglegheiter for å desentralisere arbeidsplassar.

– Når det gjeld denne reforma, så er ikkje dette nokon sentraliseringsreform. Vi meiner tvert i mot at når ein byggjer opp gode og solide fagmiljø i regionane, så har ein moglegheit til å ikkje flytte ting til Oslo, men frå Oslo, seier Bjørnestad.