Hopp til innhold

Trur ny ulv er på ferde - ber folk sikre spor

I Naustdal er ein overbeviste om at det er ein ny ulv på ferde i skogen. Til no er det ingen DNA-spor etter dyret, så Statens naturoppsyn folk om å samle inn det dei kan kome over av spor.

Ulven i Naustdal

DØD: Ein ulv vart skoten i Naustdal i desember, men folk er trygge på at det er nok ein gråbein på ferde i området. No treng ein DNA-spor for å vere sikre på om det er fleire ulvar i området.

Foto: Elias Engevik / NRK

– Folk som kjem over spor må melde frå med ein gong, slik at vi kan få sjekka det opp. Vi treng fleire spor for å vere sikre, og vil helst sjølv følgje spor i terrenget, seier Rein Arne Golf som er rovviltkontakt for Statens naturoppsyn i fylket.

Spor etter det ein meiner er ein ny ulv i Naustdal.

SKILNAD: Det er stor skilnad på ulve- og hundespor. Vidar Heggheim i Naustdal sau og geit er overbeivst om at dette er spora etter ein ny ulv i området.

Foto: Vidar Heggheim

Før helga kom det på ny meldingar om at det er sett spor av ulv i Naustdal. Leiar i Naustdal sau- og geitealslag, Vidar Heggheim, er hundre prosent sikker på at det er nok ein ulv på ferde.

– Eg kjenner ikkje andre dyr som går i marka med slike potar og slik avstand mellom spora. Eg er sikker på at vi fredag såg ulvespor fleire stader i kommunen, seier Heggheim.

Avviser ikkje at det kan vere ny ulv

Gjennom heile beitesesongen var det ulv på ferde i området, og den tok minst 160 sauer. I løpet av veka får ein truleg svar på om ulven som vart skoten i desember er den svenske hannulven som ein har fått DNA-treff på tidlegare. Spekulasjonane om det kunne vere meir enn ein ulv har gått lenge, og i Naustdal er dei sikre i si sak.

– Vi gjekk etter spor laurdag, og når vi var komne slik at ulven merka vi var nære, då såg vi på spora at han sprang litt, og så sneik den seg vekk inn i skogen. Og slik heldt vi på, fortel han.

Ifølgje Golf kan gode spor i snøen raskt avsløre om det er ulv eller hund som har vore på ferde.

– Ulven går forsiktig og målretta, og er redd for å eksponere seg. Hunden går heilt annleis. Den går meir på måfå og sjekkar ut ting i terrenget, fortel han.

Ein ventar framleis på svar på fire DNA-prøvar, som vart samla inn før Naustdal-ulven vart skoten i desember. Bilete av spora ein har kome over no er sende over til Golf i SNO, men utan DNA-spor og sjanse til å følgje spora sjølve, så vil ikkje Golf seie kva han trur om sjansane for at det er ein ny ulv på ferde.

– Vi kan på førehand aldri seie kvar ein ulv vil dukke opp, seier han.

Rein Arne Golf

SPOR: Rein Arne Golf vil gjerne med eigne auge sjå spora etter det som folk i Naustdal meiner er ulv. Han etterlyser no at folk som kjem over spor og DNA-bevis melder frå.

Foto: Dag Harald Kvammen Anderssen / NRK

Det er gjeve fellingsløyve på ein ulv til, og i Naustdal er ein klare dersom dyret skulle dukke opp.

- Kvoten er to dyr, og det er skote eitt, så det er naturleg at vi skyt den siste om vi får sjansen, seier Heggheim.