Hopp til innhold

Trur mobile vinningskriminelle kan vere på tokt

Etter fleire spesielle tjuveri den siste tida ber politiet i Bremanger no publikum om hjelp. Lensmann Hans Rune Strandos trur det kan vere mobile vinningskriminelle som er på jakt etter verdisaker rundt omkring i kommunen.

Hans Rune Strandos

VER PÅ VAKT: Lensmann Hans Rune Strandos ber folk i Bremanger om å vere på vakt etter fleire mistenkelege tjuveri dei siste vekene. (Biletet er teke i ein anna samanheng).

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Strandos meiner det er svært spesielt når det blir vekke ting som ei slåmaskin, ein minicross og eit aggregat. I tillegg har det blitt stole ein påhengsmotor og verktøy frå ein av SFE sine bilar.

– Eg kan ikkje hugse at denne typen gjenstandar har blitt vekke tidlegare i vår kommune iallfall. Men det er tydeleg at nokon har bruk for det meste, seier lensmannen til NRK.no.

Politiet melde fredag kveld at dei ville ha tips dersom folk hadde sett nokon som sette frå seg ei slåmaskin på den nedlagde ferjekaien på Smørhamn. Slåmaskina var blitt vekke frå eit gardsbruk på Nybø, ein god kilometer frå kaien for ei stund sidan.

– Folk som har dette som levebrød

Lensmann Hans Rune Strandos seier tjuveria begynte å skje for nokre veker sidan. Først i området like ved den brannråka Skatestraumtunnelen. Der forsvann det ein påhengsmotor og noko verktøy. Ei veke seinare forsvann slåmaskina på Nybø, før politiet noko seinare fekk melding om at ein minicross og eit aggregat var vekk frå eit gardsbruk på Hauge.

Strandos seier det i dei to siste tilfella er på det reine at uvedkommande har romstert inne på eigedommane. Han trur ikkje det er lokale folk som står bak.

Eg trur vi har med folk å gjere som har dette som levebrød. Meir eller mindre mobile vinningskriminelle som reiser frå stad til stad, seier Strandos.

Vil ha tips om kassebilar

No vil politiet ha tips, spesielt om køyretøy.

– Vi ser etter mistenkelege køyretøy, ikkje minst ein større varebil. Det må vere eit større køyretøy som er brukt, seier han og viser til storleiken på tinga som er blitt vekke.

Vi er interesserte i å snakke med folk som har sett større kassebilar i området, og då snakkar vi om heile ytre Bremanger og fastlandet i kommunen.

Er det ei uro blant folk i nærområdet no?

– Det er ikkje daglegdags at du har folk som går igjennom hus og driftsbygningar på leiting etter verdisaker, så folk bør absolutt vere på vakt. Eg vil håpe at det blir med dette, men eg vil oppmode folk om å passe på tinga sine, spesielt verdifulle gjenstandar og ta det i hus, seier han.