Hopp til innhold

Helse Vest-sjef trur ikkje på nedlegging

Den nye regjeringa kjem ikkje til å leggje ned dei regionale helseføretaka. Det trur Herlof Nilssen, som er administrerande direktør i Helse Vest.

Herlof Nilssen/Førde sentralsjukehus

BLIR IKKJE NOKO AV: Herlof Nilssen i Helse Vest trur ikkje det blir noko av den varsla nedlegginga av helseføretaka.

Foto: Helse Vest/NRK

Den borgarlege regjeringa har sagt klart ifrå at dei ønskjer å leggje ned dei regionale helseføretaka. Men det trur ikkje Nilssen kjem til å skje i praksis.

Han meiner ei nedlegging av helseføretaka vil skape eit altfor stort press på Helse- og omsorgsdepartementet.

– Eg er nokså trygg på at også den noverande regjeringa vil sjå at det er behov for eit eller anna ledd mellom departementet og våre sjukehus, seier Nilssen.

Trur ikkje departementet vil tole trykket

Den såkalla føretaksmodellen i helse-Norge går i dag ut på at alle sjukehusa blir styrte av fire regionale helseføretak. Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland er ein del av Helse Vest og det er dei som har styringa. Men slik blir det nødvendigvis ikkje i framtida.

I Høgre og Framstegspartiet si regjeringsplattform står det ganske svart på kvitt. Dei vil jobbe for å sikre eit velferdsløft for eldre og sjuke, og blant tinga dei vil gjere for å få det til er å «leggje ned dei regionale helseføretaka»

Men Herlof Nilssen som er administrerande direktør i Helse Vest trur ikkje det vil skje. Han meiner det er nødvendig med eit mellomledd.

– Trykket som er frå våre sjukehus og oppover i systemet er såpass stort, så om desse slusene blir opna vil departementet få ein uhaldbar situasjon, seier han.

(Artikkelen held fram under biletet)

Bent Høie (Høyre)

LOKAL MAKT: Med ei nedlegging av dei regionale helseføretaka er målet å flytte meir makt over til politikarane, og til dei lokale sjukehusstyra, seier helseminister Bent Høie.

Foto: Aas, Erlend, Erlend Aas / Scanpix

– Meir makt til lokale styre

Bakgrunnen for at den nye regjeringa vil leggje ned dei regionale helseføretaka, er at dei ønskjer å flytte makta til å styre i helse-Norge vekk frå styreromma, og til politikarane på Stortinget.

– Ein del av politikken bør flyttast opp der politikken høyrer heime i denne samanhengen, nemleg til regjering og Storting, seier helseminister Bent Høye frå Høgre.

Han meiner det ikkje nødvendigvis er behov for eit mellomledd mellom dei som styrer politisk, og dei som styrer sjukehusa.

– Vi ønskjer å delegere ein del meir makt til dei lokale sjukehusstyra, og vi har difor meint at det har vore unødvendig å ha eit eige styre mellom Helse- og omsorgsdepartementet og dei lokale sjukehusstyra, seier ministeren.

– Det blir endringar

Kristin Ørmen Johnsen er Høgre-medlem i helse- og omsorgskomiteen på Stortinget. Ho seier det er for tidleg å seie noko om kva som vil skje, og ikkje skje.

– Eg meiner det er for tidleg å forskottere at ein vil lande på den modellen som er i dag, seier Ørmen Johnsen.

Regjeringa skal no lage ein ny nasjonal helse- og sjukehusplan, og den skal vere på plass før avgjer skjebnen til helseføretaka.

Ørmen Johnsen er uansett klar på at det vil komme forandringar, men seier det er usikkert kva det er.

– Det ligg i korta at det blir endringar, men akkurat korleis dei endringane vil vere er ikkje lagt enno, seier ho.