– Det blir den aller viktigaste saka. Korleis vi skal få til å kople sjølvstendet vårt med tungt samarbeid, som vi er heilt avhengige av, seier Jan Olav Fretland.
Han er tilsetterepresentant i høgskulestyret og meiner ein eventuell fusjon framleis vil bli det nye styret si viktigaste sak.
Førde-representantar
Denne veka offentleggjorde Kunnskapsdepartementet det nye styret til Høgskulen i Sogn og Fjordane. Kommunalsjef for kultur, Trond Ueland frå Førde skal vere styreleiar. Også fagdirektør i Helse Førde Hans Johan Breidablik, Gerd Kvale frå Universitetet i Bergen, og Anne Li Nesteng frå Hydro skal sitje i styret fram til 2019.
- Les også:
I høgskulemiljøet i Sogndal er det knytt spenning til om styret vil halde fram sjølvstendelinja til forgjengarane, eller om miljøet rundt høgskuleavdelinga i Førde vil få større gjennomslag. Her har fleire tatt til orde for fusjon med Høgskolen i Bergen.
Den heitaste poteta vil også framover vere høgskulen sitt sjølvstende trur Fretland. Med arbeidsstad Sogndal er han tidlegare rektor ved høgskulen. No skal han representere dei fagtilsette i styret.
– Og så skal det styret snakke seg saman. Så får vi sjå kva som blir resultatet av det, seier Fretland som meiner det førre styret gjorde ein god jobb med å trasse utdanningsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) sine argument for samanslåingar.
- Les også:
Set si lit til det nye styret
Også Sogndal-ordførar Jarle Aarvoll (Ap) er spent på det nye høgskulestyret.
I mai kritiserte Aarvoll fylkesutvalet for å prioritere postadresse framfor kvalifikasjonar då påtroppande styreleiar Trond Ueland frå Førde vart utnemnt til ny fylkeskommunen sin styrerepresentant etter påtrykk frå Sunnfjord. Tidlegare topp-politikar frå Sp, Erling Sande frå Nordfjord vart vraka.
– Men eg tenkjer eg tenkjer at ein har gjort eit vedtak. Ein har valt ei linje. Om det kjem nye folk inn, så snur ikkje ein opp ned på dette. Eg både forventar og trur at det nye styret vil vidareføre dei gode tinga som det gamle styret og rektor har jobba etter, seier Aarvoll.
- Les også:
Flaggar ikkje syn
Trond Ueland ville ikkje seie kor han står i fusjonssaka, då han vart intervjua av NRK måndag. Hans Johan Breidablik som òg er godt kjent i høgskulemiljøet i Førde vil heller ikkje flagge syn no.
– Eg trur nok at eg er monaleg meir pragmatisk enn mange andre i denne saka. Uansett korleis ein organiserer vil ein vinne noko, og tape noko anna. Det blir ei vekting av dette som på ein måte må gi summen, seier Breidablik til NRK.
I tillegg til at høgskulestyret er nytt, tek Rasmus Stokke over som ny HiSF-rektor etter Åse Løkeland.