Hopp til innhold

Trur flaumtoppen er nådd

Den kraftige nedbøren som var varsla i indre strok ser ikkje ut til å komme. Dei mest utsette områda av Sogn og Fjordane ser ut til å unngå ein ny storflaum.

Flaum på Brekke i Flåm

STOPPAR HER? Vassmassane frå Flåmselvi har trekt inn på dyrka mark ved Brekke i Flåm. Til venstre ser ein Ægir sitt bryggeri.

Foto: Arne Veum / NRK

– Vassføringa i elvane auka i dag tidleg og nådde sitt høgste nivå i denne flaumen, men det har likevel ikkje vore nivå som har gjort skade, opplyser ordførar Noralv Distad (H) i Aurland.

Frykta ny storflaum

Noralv Distad

TRUR DET GÅR BRA: Aurland-ordførar Noralv Distad (H).

Foto: NRK

Spenninga har vore stor i Flåm, der Flåmselvi gjekk over sine breidder 28. oktober i fjor. Då vart eit 10-tals bygningar sopte på fjorden. Det siste døgnet har innbyggjarar, representantar frå kommunen og NVE følgt spent med på korleis sommarflaumen utarta seg.

Enorme snømengder i fjellet kombinert med tropevarme i helga gjorde at det såg mørkt ut når meteorologane varsla om uvanleg store nedbørsmengder i indre strok av Sogn og Fjordane.

– Det ser ut til at førebyggingsarbeidet som er gjort, ser ut til å fungere veldig bra. Det er god kapasitet i elva. Det ser lovande ut. Viss ikkje vatnet stig ytterlegare, ser det ut til at dette skal gå bra utan skader, seier ein letta Distad til NRK.

Flaumberedskap ved Flåm Camping

BEREDSKAP: Ein traktor med sandsekker står klar til innsats ved Flåm Camping måndag ettermiddag. Klar til innsats viss elva skulle stige.

Foto: Arne Veum / NRK

Går greitt i Lærdal

Også i nabokommunen Lærdal, der det vart store flaumskadar i oktober i fjor, ser det ut til å gå betre enn frykta.

– Det ser ganske bra ut. Det ser ut til at nedbøren stabiliserer seg. Ein del massar har flytta på seg, men vi ser ikkje noko akutt fare så sant ikkje temperaturen aukar og det aukar på med mykje regn, seier oppsynsmann Søren Ørbech Mo i Lærdal kommune.

Han har i dag hatt med seg driftsingeniør Ivar Fivelstad, NVE på synfaring langs vassdraga i Lærdal. Fivelstad trur ikkje vi ein står overfor ein ny storflaum.

– Det er heller ikkje meldt den nedbørsmengda som det var i haust. At den situasjonen skal komme att, er mindre truleg. Men vi følgjer med så godt vi kan.

Ras i Krundalen

JORDSKRED: Enorme jordmassar kom nedover fjellsida i Krundalen i Jostedal søndag føremiddag.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

Luster: – Ekstremvêret slo ikkje til

I Luster har representantar frå kommunen saman med NVE vore rundt i kommunen og sjekka vassdraga som dei veit det kan vere utfordringar med.

– Så langt er elvane store, men dei har enno ikkje skapt problem, seier ordførar Ivar Kvalen (Sp)

Søndag gjekk eit stor jordras, truleg utløyst av snøsmelting, i Krundalen i Jostedal. Fleire sauer og eit par uthus vart tekne. Massane frå jordraset fargar måndag Gaupnefjorden brun.

– Vi held på i Krundalen og grev masse ut av elva for å få den tilbake i normalt leie. Det er ein stor jobb å rydde opp, seier Kvalen som elles ikkje kjenner til at det er meldt inn skader som følgje av flaum.

Gaupnefjorden

FARGA FJORDEN: Gaupnefjorden i Luster ber måndag tydeleg preg av massane frå jordskredet i Jostedal søndag.

Foto: Lars Magne Hunshamar

Sjølv om det varsla ekstremvêret så langt ikkje har slått til, ber ordføraren lustringar som bur i utsette område om å framleis vere på vakt.

– Vi er på vakt og freistar så godt vi kan saman med NVE å informere. Det er meldt mindre nedbør utover natta og morgondagen. Vi får tru det roar seg.

Rekved i Flåm

MYKJE REKVED: Hamnevesenet i Aurland har bede Kystverket om hjelp til å rydde hamnebassenget i Flåm.

Foto: Arne Veum / NRK

Stryn: Vatn på bøar og i kjellarar

Situasjonen blir også skildra som oversiktleg og grei nord i Sogn og Fjordane, der Stryn hadde dei dårlegaste vêr- og flaumprognosene.

– Akkurat for no ser det veldig bra ut. Vi hadde prognosar om forventa nedbør som ikkje har slått til. Det gjer at situasjonen her ikkje har vore så dramatisk som ein kanskje kunne frykte. Nett no har vi grei kontroll i Stryn kommune, seier ordførar Sven Flo (H).

Sjølv om storflaumen ikkje ser ut til å komme, har vassmassane likevel gjort skader i Stryn.

– Vi har mange område som er fløymde over. Særleg dyrka mark. Vi har også enkelte kjellarar som har fått inn vatn, opplyser Flo som seier kommunen held oppe høg beredskap.

Lærdalselva
Foto: Vidar Jansen