Hopp til innhold

Trur det framleis er håp for politidistriktet

Stortingsrepresentant for Ap, Ingrid Heggø, trur framleis det er håp i hengjande snøre for eit eige politidistrikt i Sogn og Fjordane.

Ingrid Heggø

IKKJE TAPT: Ingrid Heggø meiner det framleis er håp for eit eige politidistrikt i Sogn og Fjordane.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Det er alltid håp i hengjande snøre. Dette skal gjennom i Stortinget til sjuande og sist, seier Heggø som sit i næringskomiteen på Stortinget for Arbeidarpartiet.

I går skreiv Firda at Arbeidarpartiet skal ha bestemt seg for at dei ikkje vil gå inn for å halde oppe Sogn og Fjordane som eige politidistrikt. I så fall er det fleirtal for å slå saman Sogn og Fjordane med eitt av nabodistrikta. Men Heggø meiner slaget framleis ikkje er tapt.

Meiner det syner forhandlingsvilje

– Ein driv no og forhandlar. Så må ein nesten sjå på forhandlingsresultatet og kva som ligg i det, seier Heggø.

– Men det at Arbeidarpartiet ikkje har stilt noko ultimatum, gir ikkje det eit signal om at dette er ei sak som ikkje er veldig viktig for partiet?

– Du kan velje å sjå det slik. Eller du kan sjå det som at vi var villige til å forhandle. Vi visste at dersom vi stilte krav om til dømes fylkesmodellen, så ville det ikkje bli forhandlingar. Det forsøkte Senterpartiet, og dei er ikkje med i forhandlingane, seier Heggø.

– Men viss saka kjem til Stortinget og det vert reist eit forslag om å ha eit eige politidistrikt i Sogn og Fjordane, korleis vil du stille deg til det?

– Sogn og Fjordane Arbeidarparti har vore klar på at det beste for oss er å halde fram som eige politidistrikt. Det er mange og gode grunnar til det, seier Heggø.

Hadde ønskje om ultimatum

Ho peikar på at det også gjeld 110-sentralen.

– Viss dette forhandlingsresultatet fører fram til eit forslag om at Sogn og Fjordane skal vere eit eige politidistrikt, så vil vi sjølvsagt stemme for det. Det skulle berre mangle, seier Heggø.

Men om det vil skje, er uvisst.

– Eg håpar framleis. Men forhandlingane er i gang. Vi stilte ingen ultimatum, men eg hadde sjølvsagt eit ønskje om det. Då må vi vente å sjå kva som kjem ut i andre enden, seier Heggø.

Må oppnå meir politikraft

Men ho er klar på at det forhandlingsresultatet som kjem fram må vise at vi har oppnådd vesentleg meir politikraft i Sogn og Fjordane enn kva utgangspunktet var for den modellen regjeringa la fram.

– Til dømes det å halde fram med lensmannskontor med desentralisert politi, seier Heggø.

Komiteen skal etter planen komme med si innstilling 2. juni.

– Men dette kan det fort bli endring på dersom ein er i sluttforhandlingar, seier Heggø.