Hopp til innhold

Trur brannen starta i den nordlege enden

Politiet veit førebels lite om brannårsaka etter at eit eldre hus brann ned til grunnen i Viksdalen i Gaular søndag ettermiddag.

brann solheim viksdalen

BRANN NED: Det var ingen personar i huset då det eldre huset på Solheim byrja brenne søndag ettermiddag.

Foto: Alf Vidar Snæland / NRK

Kriminalteknikar Jan Bjarte Skrøppa seier dei startar åstadsgranskingar i morgon.

– Det er for tidleg å seie noko om brannårsaka no.

Det er ikkje mistanke om at brannen er påsett, men politiet gjekk i går ut og sa dei ville ha tilbakemelding som kan hjelpe dei i etterforskinga. Politiet ønskte å komme i kontakt med personar som hadde vore i nærleiken eller passert brannstaden søndag frå kring klokka 13.30 og utover ettermiddagen.

Skrøppa seier dei med bakgrunn i opplysningar dei har fått frå vitne har ei viss formeining om når det byrja brenne.

– Det er vanskeleg å seie kor lenge det har vore fyr i huset før nokon såg det. Men vi har snakka med vitne som køyrde forbi staden utan å sjå noko, medan dei som såg brannen melde frå om den, seier han.

Alle naudetatane rykte ut til staden då meldinga om brannen kom like før halv tre søndag ettermiddag. Brannvesenet rykka ut med eit mannskap på 14–15 personar. Brannen var sløkt i 17-tida, då var det eldre huset heilt nedbrent. Det var ingen personar i huset då det byrja å brenne.

Skrøppa seier til NRK.no at det førebels ser ut til at brannen starta i den nordlege enden av huset. Meir kan han ikkje seie før dei har gjort den tekniske undersøkinga i morgon.

– Der vil det vere representantar frå politiet, saman med representantar frå brannvesenet som er utdanna på etterforsking av brannårsak, og i tillegg representantar frå E-trygg som handterer det elektriske anlegget på branntomta.