Hopp til innhold

Trur storbrannen fører fleire turistar til Lærdal

Leiar ved turistinformasjonen i Lærdal, Ingrid Neste, trur storbrannen i Lærdal i januar i år vil gi endå fleire turistar til Lærdal denne sesongen.

Ingrid Neste

KLAR: Leiar ved turistinformasjonen i Lærdal, Ingrid Neste, er klar for årets turistar.

Foto: Kjellrun Lavik / NRK

– Eg håpar at Lærdal er litt lenger framme i pannebrasken på folk når dei er på tur i Sogn og Fjordane. At dei tek ein tur innom Lærdal, har eg stor tru på, seier leiar ved Norsk villakssenter og turistinformasjonen i Lærdal, Ingrid Neste.

18. januar tok det til å brenne i eit bustadhus i Lærdal. Brannen spreidde seg raskt til omkringliggjande hus, og kraftig vind gjorde at det var vanskeleg å få kontroll på brannen.

Fekk enorm m Tek to til fem år før Lærdal er gjenreist ediemerksemd

I alt vart 681 personar evakuerte frå heimane sine, og 446 personar var til legesjekk. 40 bygningar brann ned til grunnen. I tillegg vart tre hus ubrukelege, og eit tosifra tal bygningar fekk mindre brann-, røyk- og vasskadar.

Trass i øydeleggingane, trur Neste det kan bli fleire turistar som legg turen innom Lærdal denne sommaren.

– Storbrannen fekk veldig merksemd i media, og veldig mange hadde stor omtanke for Lærdal. Mange har ringt og spurt korleis det står til, seier Neste.

I januar var det ingen andre saker som hadde større plass i media enn storbrannen i Lærdal. Berre i januar vart det skrive 4.000 artiklar som handla om Lærdal berre på norske nettstader og aviser. I utanlandske media vart det skrive over 1.000 artiklar.

(Artikkelen held fram under biletserien)

Nesten «alle» nemner brannen

Neste er overtydd over at fleire tenkjer på Lærdal no enn før brannen.

– Her på villakssenteret har vi mykje folk innom i sesongen. Folk ringjer og bestiller allereie no. Fleire av dei har allereie på telefon spurt korleis ting står til, så det betyr at folk har det i tankane, seier Neste.

Ho fryktar ikkje at turistane trur dei gamle husa på Lærdalsøyri har gått tapt, og at det dermed ikkje er nokon grunn til å stoppe i den vesle bygda.

– Nei, absolutt ikkje. Og hadde så skjedd, så hadde dei iallfall stoppa. Alle er kanskje ikkje klar over at alle dei verna husa, bortsett frå eitt, framleis står den dag i dag. Men det som er gamle Lærdalsøyri står som før, seier Neste.

Er snart klar for årets sesong

Turistar har høve til å kjøpe guida turar på gamle Lærdalsøyri. Om desse turane også vil leggje turen innom fleire av husa som brann ned, kjenner ikkje Neste til.

– Opplegget rundt guidinga i Lærdal er ikkje ferdig endå, så eg kjenner ikkje så mykje til det. Men Sønniva Eri-huset, som brann ned, ligg like ved der møteplassen for dei guida turane er. Så ein skulle tru at dei som guidar, svingar innom der, seier Neste.

Ho legg ikkje skjul på at det er trist at det gamle huset vart flammanes rov.

– Huset var veldig spesielt og veldig søtt, på ein måte. Så viss ein kunne byggje det opp att, ville jo det vere koseleg. Kanskje som pensjonat? Det ville vore topp, seier Neste.

Ho er i full gang til å rigge til for årets turistsesong, og har nok å hengje fingrane i.

– Turistinformasjonen ligg på same stad som Norsk villakssenter og Lærdal kulturhus, så det er der vi også i år kjem til å ha vår aktivitet, seier Neste.