Hopp til innhold

Drapstrua journalist - dømd til fengsel

48-åringen som trua med å drepe Bergens Tidende-journalisten Mathias Fischer er dømd til 60 dagar fengsel på vilkår.

Bakgrunnen for rettssaka i Fjordane tingrett er at den tidlegare AP-politikaren skreiv følgjande i kommentarfeltet til BT 20. august 2014:

«Kan nokon vere så snille å slette kommentarane mine? Dersom det ikkje skjer innan ei time kjem eg til å sprenge hele bygningen til Bergens Tidende til helvete! Eventuelt ta livet av ei journalist eller redaktør»

Til journalist og kommentator Mathias Fischer skreiv mannen:

«Møter eg deg på gata tar eg livet av deg»

Tidlegare kommunepolitikar

Den dømde var kommunestyrerepresentant for Arbeidarpartiet i ein kommune i Sogn og Fjordane frå 2007 til 2011.

Han er ein svært aktiv skribent i sosiale medium og i kommentarfelt i nettavisene, og har og sin eigen blogg der han legg fram sine synspunkt på politiske saker.

Slepp å sitte i fengsel

Straffa på 60 dagar fengsel er på vilkår, med ei prøvetid på to år. Dette er i samsvar påtalemakta sin påstand.

Både påtalemakta og retten meiner det er formildande at 48-åringen har tilstått utan atterhald og at han er tidlegare ustraffa.

Politiet brukte eitt år på å sikte mannen, til trass for at han erkjente straffeskuld og samtykka til tilståingsdom allereie i første avhøyr. Dette er eit brot på den europeiske menneskerettskonvensjonen sine føresegner om rettargang innan rimeleg tid, meiner retten.