Hopp til innhold

Trekkjer rettssak om steinkross

Striden om kva som skal skje med den knekte steinkrossen i Eivindvik, hamnar likevel ikkje i retten.

Krossen i Eivindvik
Foto: Ottar Starheim/Laila Indrebø / NRK

Universitetet i Bergen (UiB) har trekt det varsla erstatningssøksmålet mot Gulen kyrkjelege fellesråd. Universitetet kravde 650.000 kroner etter at ein gamal steinkross blei øydelagt i 2012.

– Fornufta har sigra, seier kyrkjeverje Trude Brosvik i Gulen.

Krangel om plassering og pengar

Den eldgamle steinkrossen i Eivindvik var 2,85 meter høg og segna seier at krossen vart reist av Olav den heilage i 1023. Under trefelling ved kyrkjegarden i Eivindvik, i april 2012, vart krossen knekt i to ved eit uhell.

Krossen i Gulen

KELTISK STIL: Den øydelagde krossen er ein av to steinkrossar som som står i Eivindvik. Frå gammalt av har ein rekna med at det gamle Gulatinget opphaveleg låg på sletta mellom dei to korsa, Like ved dagens kommunehus i Gulen.

Foto: Laila Indrebø / NRK

Om krossen er gammal, har også striden om den vidare lagnaden trekt ut i tid. Heile tre år. Kommunen vil setje krossen opp att der den stod ved kyrkja. Men Universitetsmuseet i Bergen har blånekta. Dei meiner det vil vere for farleg, både for folk og steinkross.

I tillegg har striden om kven som skal betale, vore fastlåst. Gulen kyrkjelege fellesråd vedteke ei bot frå politiet på 50.000 kroner, sidan dei hadde ansvaret for trefellinga og uhellet. Men etter mykje fram og tilbake meinte universitetet i Bergen at Gulen kommune måtte betale 650.000 kroner i erstatning for skadane på krossen – før ein veit kor mykje det vil koste å reparere det gamle kulturminnet.

Partane har også krangla om kven som faktisk eig krossen, og UiB stemna Gulen kyrkjelege fellesråd inn for retten.

– Uventa

No har UiB altså trekt søksmålet, skriv Strilen.

Leiinga ved UiB ønskjer overfor NRK ikkje å kommentere kvifor ein trekkjer søksmålet, men i Gulen pustar kyrkjeverja letta ut.

– Dette er jo det vi har bede om, at dei ser på bota og erstatninga kvar for seg, seier Trude Brosvik til NRK.

Ordførar Halvard S. Oppedal (Sp) seier til Strilen at det var ganske uventa at UiB trakk søksmålet.

– No håpar vi at vi kan få ei avklaring på kven som eig krossen, seier Oppedal til avisa.

Uklart når og om krossen kjem tilbake

Framleis veit ein ikkje kva den endelege prisen for å setje opp att steinkrossen vil ende på. Kyrkjeverja håpar det faktum at saka ikkje ender i retten, skal få fortgang på prosessen og gi arbeidsro til å finne ei varig løysing for kulturminnet.

– Museet veit vel ikkje heilt korleis krossen skal førast tilbake, det må avklarast. Det er eit arbeid som Gulen kommune saman med Riksantikvaren er i gang med. Krossen er eit kjempeviktig historisk minnesmerke. Både som den fysiske krossen, men også som det symbolet den hadde på Gulatinget.