Hopp til innhold

Ventar lange køar til langt på kveld

Tekniske problem med ferjelemmen i Lavik førte til lange køar på E39 1. påskedag. Først klokka 19 var sambandet i ordinær drift igjen med tre ferjer. Då var ventetida heile tre timar i Lavik.

Ferjekø i Lavik

LANGE KØAR: Ferja Gloppen ligg ved kai. Det er problem med ferjelemmen og dei to andre ferjene ligg på fjorden og ventar på å få lagt til kai for å sleppe av bilar og folk.

Foto: Thomas James

Ferja Gloppen la til kai litt i Lavik før klokka 13 og der vart ho liggande lenge. Det førte til lange køar både i Lavik og på Oppedal.

– Ferja sit fast i ferjebrua og kjem seg ikkje derifrå. Dei to andre ligg på fjorden og ventar på å komme til land, seier Tor Vidar Kittang i Fjord1 til NRK.no klokka 13:45.

Årsaka var ein teknisk feil på ferjelemmen som det tok nærare tre timar å fikse. Først i 16-tida var problemet løyst, og Gloppen kunne starte i rutetrafikk igjen. Eit par timar seinare kom ferje nummer to på plass igjen, og ein time deretter var alle tre ferjene på plass.

Sende til Rysjedalsvika

Problema førte til at Fjord1 ein periode måtte sende to ferjer og alle bilar til Rysjedalsvika, der det vart oppretta kriserute til Oppedal.

– Frå klokka 15 vil det går ferje frå Rysjedalsvika og Oppedal kvar 50. minutt. Det kjem nok til å bli ein del køar og ventetid utover ettermiddagen, sa Tor Vidar Kittang i Fjord1 til nrk.no klokka 14.15 søndag.

Han har ei oppmoding til alle som skal over Sognefjorden i ettermiddag.

– Ta det med ro og vis omsyn. Køane veks fort no, men vi skal dirigere så godt vi kan. Dette er ein krevjande situasjon og vi oppmodar alle om å ta det pent, seier han.

Tre timar ventetid

På det meste søndag ettermiddag var køen i Lavik over to kilometer lang og ventetida rundt tre timar. Seint søndag kveld var ventetida i Lavik kring to timar, og ifølgje Fjord1 rekna dei med at køane ville vere bort rundt kl 23 søndag kveld. Planen er å halde to ferjer i drift så lenge det er behov for ekstra ressursar.

Ferjer ligg og ventar på fjorden

VENTAR: Dei to andre ferjene venta på å komme til kaia i Lavik.

Foto: Thomas James
Ferjer