Hopp til innhold

Tre personar skadde i ulukka på Haus

Tre personar vart skadde i trafikkulukka på Haus i Nordfjord. Vegen er no open att for fri ferdsel.

Tre personar er skadde etter at ein bil køyrde i fjellveggen ved Haus på riksveg 15 mellom Stårheim og Bryggja.

ALVORLEG ULUKKE: Alle naudetatane rykte ut til ulukka på Haus i Nordfjord.

Ulukke Haus

FLEIRE SKADDE: Tre personar er skadde i ulukka på Haus.

Foto: NRK-tipsar

Naudetatane har rykt ut til ei trafikkulukke på riksveg 15 mellom Stårheim og Bryggja i Nordfjord.

– Tre personar er skadde i ulukka, opplyser politiet til NRK.

Ifølgje politiet er ein bil involvert i den alvorlege ulukka. Luftambulansen er på veg frå Førde til ulukkesstaden på riksveg 15.

AMK opplyser klokka 18 at to pasientar blir frakta til Førde sentralsjukehus. Den eine med luftambulanse. Den tredje personen i bilen blir frakta til sjukehuset på Eid.

(Artikkelen held fram under videoen)

Politibetjent Birger Løvskar om trafikkulukka ved Haus på riksveg 15 mellom Stårheim og Bryggja.

SJÅ VIDEO: Politibetjent Birger Løvskar fortel om trafikkulukka på riksveg 15 ved Haus.

Hjulspora etter trafikkulukka

I FJELLET: Hjulspora viser tydeleg bilen si ferd i fjellveggen.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Politiførstebetjent i Utrykkingspolitiet, Elling Krogen, er på ulukkesstaden og stadfestar at det er eit einsleg køyretøy.

– Bilen har kome utfor vegkanten og treft fjellveggen, før den har hamna inne att i vegbana, seier Krogen til NRK.

Ulukka skjedde få meter frå trafikkulukka der to menneske mista livet for nokre år sidan.

Vegen var ein periode stengd etter ulukka, men vegen er no open att for fri ferdsel.

haus