Hopp til innhold

Ti personar mista alt dei eigde i brannen

Ti personar mista alt dei eig i brannen i Svelgen fredag kveld. – Det kan bli ei utfordring å skaffe nye bustader, vedgår rådmann Tom Joensen i Bremanger kommune.

Brann i Svelgen

MISTA ALT: Tre familiar mista alt dei eigde i branndramaet i Svelgen fredag kveld.

Foto: TRULS KLEIVEN

Tre leilegheiter brann ned til grunnen, og ei fjerde fekk store skader i brannen som starta i 21-tida fredag kveld.

Fire personar, mellom desse born på tre og fem år, vart sendt til Førde sentralsjukehus med luftambulanse og ambulanse. Alle har fått lettare røykskadar.

– I alt ti personar har mista heimane sine, og i tillegg veit vi at det er hus og leilegheiter der folk ikkje kan bu på kortare sikt, seier rådmann Tom Joensen.

Tre leiligheiter brann ned til grunnen og ei fjerde leiligheit fekk store skader i brannen i Svelgen.

SJÅ VIDEO: Det vart laurdag morgon framleis drive ettersløkking etter brannen. (FOTO/REDIGERING: TRULS KLEIVEN)

15 overnatta vekke

Rådmann i Bremanger kommune, Tom Joensen.

VIL HJELPE: Rådmann Tom Joensen seier kommunen vil hjelpe dei som treng hjelp. – Like viktig er at dei som har behov for oppfølging av helsepersonell får det. Det er ofte slik at reaksjonane kjem litt seinare etter ei hending som dette, seier han.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Kommunen etablerte kriseteam og kriseleiing ved rådhuset i Svelgen i natt, og vil ha ei ny samling laurdag klokka 12 for å få kartlagt behova etter den dramatiske brannen.

– Vi stilte til disposisjon rom på hotellet i Svelgen, men dei aller fleste har familie og nærståande i lokalmiljøet og valde å innlosjere seg der, seier Joensen og legg til at kommunen vil strekkje seg langt for å hjelpe dei råka.

Til saman 15 personar overnatta andre stader enn heime i natt. Når og kor mange av desse som får flytte heim att er førebels uvisst.

– Vi ser at det kan bli ei utfordring, spesielt for dei som har mista heimane sine, å skaffe nye bustader. Vi må nok ut i lokalsamfunnet, seier Joensen.

Tre leiligheiter brann ned til grunnen og ei fjerde leiligheit fekk store skader i brannen i Svelgen.

SJÅ VIDEO: Det vart laurdag morgon framleis drive ettersløkking etter brannen. (FOTO/REDIGERING: TRULS KLEIVEN)

Vil trenge hjelp

– Så er det hus som kan virke røykskadde slik at også folk treng alternativ bustad på kortare sikt. Vi vil hjelpe til med det, legg han til.

Kommune er i gang med å kartlegge ledige bustader i Svelgen. Til alt hell gjekk det ikkje liv tapt i brannen, som fort kunne blitt langt større om det ikkje hadde vore vindstille. Husa ligg tett i tett i området.

– Det var hell i uhell at det var vindstille og at brannen starta medan folk var vakne. Litt seinare, så hadde folk sove, seier ordførar Karl Vidar Førde (Sp).

Frykta det verste

Karl Vidar Førde

LÆRDAL: Ordførar Karl Vidar Førde (Sp) fekk brannen i Lærdal friskt i minne på veg til rådhuset i Svelgen.

Foto: Anita M. Ingebrigtsen/Firdaposten

Sjølv fekk ordføraren melding klokka 2215 og kriseteamet var etablert eitt kvarter seinare på rådhuset. Ordføraren har allereie kontakta forsikringsselskapet slik at dei får starta sitt arbeid.

Ordføraren frykta det verste på veg til rådhuset. Han vil allereie i dag ta med seg klede som brannråka kan få.

– Eg har ein halvtime til jobb, og tenkte på bileta frå Lærdalsbrannen. Det er ei frykteleg hending. På eit blunk fekk dei råka livet sitt snudd opp ned, seier han.

Vil sjå på vasstilførselen

Brannmannskap opplevde problem med vasstilgangen under sløkkingsarbeidet. Mannskap frå Eikefjord og sivilforsvaret i Florø vart kalla ut for å hjelpe til i sløkkingsarbeidet.

Først i 0230-tida var brannen under kontroll og mannskap kunne dimitterast.

– Eg har forstått det slik at det var problem med trykket, men dette må vi inn og sjå nærare på. Om det er slik, så er det sjølvsagt noko vi må gjere noko med, seier Joensen.