Hopp til innhold

Tre år fengsel for forsøk på mordbrann

Ein mann i 30-åra er i Fjordane tingrett dømd for forsøk på mordbrann. Asylsøkjaren er også dømd for ein drapstrugsel og ei rekkje tjuveri.

Bustadbrann i Høyanger

LIVSFARE: Brannvesenet i Høyanger rykte raskt ut til brannen, men retten slår fast at fleire menneskeliv stod i fare.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

– Klienten min er skuffa over resultatet og har bestemt seg for å anke til lagmannsretten, seier advokaten til den dømde, Kjetil Johannes Ottesen.

Mordbrannforsøket skjedde i februar, då mannen tende på eit gamalt kaihus som vart brukt til bustader på Nordeide ferjekai i Høyanger.

Barn redda ut av huset

Åtte personar budde i kaihuset då asylsøkjaren starta brannen 27. februar. Dei fem som var i huset under brannen, måtte ha tilsyn av ambulansepersonell på staden.

Ein bebuar måtte reddast ut med stige når brannvesenet kom til staden, og det var også barn i huset som vart redda ut på eit tidlegare tidspunkt.

Bygget er verd over 17 millionar kroner.

– Liv kunne lett gått tapt

Tingretten skriv i dommen at det ikkje er tvil om at brannen skuldast open flamme frå ein skjenk og at brannen var påsett, og viser til like konklusjonar frå tre ulike ekspertar Retten finn det også bevist at den dømde tende på huset, mellom anna basert på vitne som såg mannen sykle vekk nokre minutt etter brannen starta.

Ein annan konklusjon frå retten er at dersom brannen ikkje hadde vorte oppdaga og sløkt, kunne han «lett (...) ha medført at menneskeliv hadde gått tapt og at hovudbygning og kaibygning hadde fått omfattande skader». Truleg var brannen nære ved å ta overtenning då brannmannskapet kom og starta sløkkearbeidet, skriv retten.

Minstestraffa for forsøk på mordbrann er to år.

Drapstrussel

Ei veke før brannen i kaihuset truga den dømde med å «slakte» ein mann med kniv, medan han heldt ein kniv mot han. Retten likestiller omgrepet «slakte» med å drepe, og legg særleg vekt på forklaringa til eit vitne.

Men retten legg også vekt på at fornærma var sterkt medverkande til at situasjonen oppstod, og meiner trugsmålet og fleire mindre tjuveri kvalifiserer til bøtestraff.

Mordbrannforsøket åleine kvalifiserer etter retten sitt syn til over tre år fengsel, medan trugsmålet og naskeria verkar straffeskjerpande.

Mannen blir dømd til tre år og tre månadar fengsel. Han har vore varetektsfengsla sidan han vart pågripen og får 296 dagar trekt frå dommen.