Hopp til innhold

Trassar sjukdommen med toppturar

VASSENDEN (NRK): Elisa Follevåg har hatt MS-diagnosen i ti år, men går på fjelltur så ofte ho kan. – Ein må ikkje samanlikne seg med alle andre, seier ho.

Elisa Follevåg

MEISTRING: – Ved å utfordre meg sjølv, opplever eg meistring og fantastiske naturopplevingar, seier Elisa Follevåg.

Foto: Elise Sundfør Erdal / NRK

– Eg fekk ein vekkar då diagnosen var eit faktum, seier Elisa Follevåg.

Det er ein av dei første vinterdagane i Jølster. I grusløypa rundt den rimfrosne golfbanen går den spreke 57-åringen tur. Det gjer ho ofte, og aller helst mot ein fjelltopp.

– Det gir meg veldig mykje å kome ut, og eg får energi av å gå på fjellet. Det er eit slit å gå i motbakkar, men å kome på ein topp gir meg ei enorm meistringsfølelse, seier ho.

Trente seg til topps

Då ho fekk stadfesta at ho hadde den nevrologiske sjukdommen MS begynte ho gradvis å trene seg opp ved å på tur.

Eg har eit val. Eg kan velje å bli sittande inne og tenke på sjukdommen, eller eg kan kome meg ut og gå.

Elisa Follevåg

Og etter kvart har det blitt mange turar.

– Eg har bygd meg opp til å nå mål som eg ikkje tenkte var mogleg for fem år sidan.

Treninga har ført henne til Besseggen, Slogen, Trolltunga og Store Soleiebotin, og berre i år har ho vore på over 60 fjelltoppar. Det har ho fått mykje igjen for.

– Eg har fått betre kondis og balanse, eg er meir uthaldande og hugsen og konsentrasjonen har betra seg, seier ho.

Elisa Follevåg

MÅ TRASSE DØRSTOKKMILA: – Me må slutte å samanlikne oss med alle andre, og heller tenke på kva ein sjølv klarer, seier Elisa Follevåg. Ho meier det viktigaste er å kome seg ut, sjølv om ein ikkje klarer å gå så langt eller fort.

Foto: Elise Sundfør Erdal / NRK

Trening som terapi

– Turane hjelper veldig på det mentale i sorga for å ha MS, og for mange eg har mista, seier Elisa.

Ved å jobbe redusert og unngå stress som gjer at ho blir sliten og kraftlaus, kan ho fungere bortimot normalt, og ha overskot til å kome seg ut.

– Eg ville bruke beina medan eg kan. Treninga er avgjerande for å halde meg stabil, og dette har ført til at livskvaliteten faktisk er større enn før. Eg er heldig som har den milde graden av MS, seier ho.

– Korleis ser du for deg livet ditt om ti år?

– Eg ser lyst på det, ein kan leve veldig godt med MS. Ein kan ta nokre grep, og prioritere rett. Og eg kan vere heldig – nokon er jo ikkje det sjølv om dei trenar – men det kan eg ikkje tenke på, eg må berre håpe det går bra.

elisa follevåg

KJEMPAR MOT KRAFTLØYSA: – I det siste har eg tort å begynne å bruke fjellet når eg har dei kraftlause dagane. Då tenker eg at eg skal iallfall klare å gå litt på flatene. Og når eg først har kome meg ut, er det lettare å halde fram med og gå. Og då tenker eg at eg skal ikkje gi meg før eg er på toppen, seier Elisa Follevåg.

Foto: Elise Sundfør Erdal / NRK

– Ikkje mål deg med andre

Elisa Follevåg meiner ein ikkje må samanlikne seg med andre når det gjeld fysisk aktivitet.

– Viss eg skal gå ein krevjande tur, må eg slappe av resten av dagen. Eg bruker lenger tid på turane enn andre, og eg bruker lenger tid på å kome meg etterpå, sjølv om restitusjonstida har gått ned, seier ho.

– Det er viktig å ikkje måle seg med andre som er veldig flinke. Ein må tenke på kva ein sjølv finn glede i, og tore å kome seg ut.