Hopp til innhold

Eigaren betalar bot og lovar betring etter at farleg semitrailer blei stoppa

Det litauiske transportfirmaet Girteka legg seg paddeflate etter at ein av deira fullasta semitrailarar blei stoppa med blankslitte dekk på E39.

Girteka

BLANKSLITTE DEKK: Semitraileren frå Girteka køyrde rundt med fire blankslitte dekk på hengaren. Bilen fekk køyreforbod, og måtte parkerast på tomta til Statens vegvesen i Førde.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Politiet fekk i løpet av helga tips om ein semitrailer som hadde kome køyrande til Førde med dårlege dekk på det svært glatte føret.

Måndag føremiddag gjekk politi og Statens vegvesen til aksjon. Dei fekk stoppa bilen og sjåføren blei ilagt køyreforbod og fekk i alt 3000 kroner i førelegg for fire blankslitte dekk.

– Vi fekk tips frå publikum om at bilen hadde dårlege dekk, og i samråd med folk frå Statens vegvesen valde vi å stoppe semitraileren, seier politibetjent Øyvind Olsen ved Førde og Naustdal lensmannskontor.

Køyrde med blankslitte dekk

Kęstutis Čižikas er leiar for den skandinaviske avdelinga til det store litauiske transportfirmaet Girteka. Han legg seg i dag langflat og beklagar på det sterkaste at ein av dei deira sjåførar køyrde fullasta rundt i Norge med blankslitte dekk.

– Vi må innrømme at vi ikkje klarte kontrollere at det var slitne dekk på denne traileren. Vi ser på det som heilt rettferdig at vi no må betale for bot og bytte dekka. Tryggleik er viktig for oss. Når slikt skjer råkar det mange, seier Čižikas til NRK.no.

Skal inspisere bilane

Han nemner at dette kan føre til for sein leveranse av varer, sjåførar som ikkje kjem seg heim til familiane sine, dårleg rykte for selskapet og store kostnader med reparasjonar.

– Feil kan skje for alle, det er viktig no at vi må lære av dette. Alle våre bilar som er involverte i transport i Norge skal no inspiserast. Vi har gjort klar ei rekkje med dekk-sett som skal setjast på bilar som treng det. Dette kan litt tid, men det vil gje resultat etterkvart, seier Girteka-sjefen.

– Spring ikkje frå ansvaret

Han peikar på at selskapet utelukkande brukar nye bilar, og sjåførane går gjennom årleg repetisjon av trygg køyring med instruktør frå bilfabrikken. Sjåførane dei brukar i Skandinavia skal vere trygge og erfarne, hevdar han.

– Vi vil forsikre oss om at vi på ingen måte spring frå ansvaret vårt. Dette er ikkje slik det skal vere. Vi gjer alt for å unngå problem på vegane. Det fører med seg investeringar i utstyr, sjåførtrening og andre tiltak. Det gir betre og betre resultat kvart år.