Hopp til innhold

Køyrde på stein som fall ned i vegbana

Ein kvinne er skadd etter ei trafikkulukke på E16 i Aurland.

Ulukke Aurland

FULL UTRYKKING: Alle naudetatane rykte ut etter meldinga om ei ulukke på E16 i Aurland.

Foto: Arne Veum

OPPDATERING: 21.55: Ei kvinne er køyrd til sjukehus på Voss grunna smerter i ein arm, melder politiet.

Ulukka skjedde klokka 19.45, då ein personbil køyrde i ein stein i nærleiken av Ohnstadtunnelen. Politiet har snakka med føraren.

– Det var ein stein som har ramla ned i vegen. Føraren såg steinen, men hadde ikkje sjanse til å stogge, seier Bengt Ness hjå politiet i Sogn og Fjordane.

Kvinna skal ikkje vere alvorleg skadd.

– Det er snakk om lettare personskade. Personen trudde kanskje det var snakk om ein brekt arm, seier Ness.

E16 skal ikkje vere stengd. Trafikken vert dirigert forbi, melder politiet.

Ulukke Aurland

FRAKTA VEKK: Bilen vart frakta vekk etter ulukka.

Foto: Arne Veum
Aurland