Ulukka skjedde i Krokabergtunnelen i Vågsøy tidleg laurdag ettermiddag. Både jenta og mannen blei alvorlige skadde, men tilstanden var stabil for begge.
Søndag føremiddag opplyser AMK om at både jenta og mannen er lettare skadde.
I den andre bilen sat to kvinner i 30-åra. Dei blei tekne med til legevakta på Eid for ein sjekk.
– Det var fire personar involvert i ulukka. Det var to personar i kvar av bilane, seier operasjonsleiar Nils Erik Eggen i politiet.
(Artikkelen held fram under videoen)
SJÅ VIDEO: To helikopter kom til ulukkesstaden.
Ulukka har truleg skjedd fordi ein av bilane kom over i feil køyrebane. Barnet og mannen sat i same bil og er no frakta med luftambulanse til Førde sentralsjukehus.
Ulukka skjedde på riksveg 15 mellom Almenning og Bryggja, omlag seks kilometer før Måløy. Samanstøyten skjedde like innafor tunnelmunningen på vestsida.
Politiet fekk melding klokka 12:15 laurdag ettermiddag. Ambulanse, brann og politi rykka ut til staden. Også luftambulansen og Sea King-helikopteret blei tilkalla.
Ingen av bilane er køyrbare og vegen var stengd etter ulukka.
TO HELIKOPTER: Både luftambulansen og redningshelikopter frå 330-skvadronen var på staden.
Foto: Inge Skavøypoll