Torje er fødd 1970, og kjem frå Voss. Han har vore fotograf/redigerar i NRK Sogn og Fjordane frå 1996. Dersom du ser ekstremsportbilete i sendingane våre kan du rekne med at det er Torje som har teke dei. Han var fotograf på serien "Flo, fjell og fjære" og "Fjellfolk" på NRK1.
I dag produserer han den populære TV-serien "Der ingen skulle tru at nokon kunne bu".
Utdanninga til Torje er U-landsstudiet ved Høgskulen i Agder og to års studium på fjernsynslinja ved Mediehøgskulen Gimlekollen. Her var han også undervisningsassistent i eitt år.
Torje fekk Presseprisen for Sogn og Fjordane i 2001, og i 2006 fekk han Gullrosen, prisen for beste foto i Dagsrevyen sine sendingar i året 2006.
- E-post: torje.bjellaas@nrk.no
- Telefon: 902 04 004