Hopp til innhold

Toppscoraren sanka klemmar i hopetal

HØNEFOSS (NRK): Kristian Fardal Opseth var ein ettertrakta mann etter jubelkampen på AKA Arena. Hos Saftkokaradn var det mange som ville ha ein klem.

Kristian Fardal Opseth

DRAUM: Kristian Fardal Opseth hos Saftkokaradn etter kampen.

Foto: Oddleif Løset / NRK

– Heilt fantastisk! Ubeskriveleg, strålar spissen etter at Sogndal herja med Hønefoss.

Sjølv sa han til NRK allereie laurdag kveld at han skulle ende måltørken. Ti minuttar før slutt scora han sitt 14 mål for sesongen - og første etter tre mållause kampar.

– Var berre å smelle til

– Eg sa det til deg. At eg skulle score vår fjerde scoring. Det gjorde godt å få sette ein att, gliser han.

Kristian Fardal Opseth lova å score kampens fjerde mål. Det gjorde han.

SJÅ VIDEO: Kristian Fardal Opseth lova NRK sine Instagram-følgjarar å score Sogndal sitt fjerde mål. Han gjorde som han lova. (FOTO: ODDLEIF LØSET/NRK)

Målet kom frå skrå vinkel - og kring 20 minuttar etter at dommaren i Bergen blåste av Åsane - Kristiansund på stillinga 2-0 til heimelaget.

– Eg fekk ballen frå ein medspelar, eitt touch og så set eg han vel mellom beina til ein forsvarar i lengste. Ballen var klar med første touchen så var det berre å smelle til, skildrar han.

– Reknar med feiring

Etter kampen var toppscoraren både ettertrakta og - ikkje minst - letta over at opprykket til Eliteserien endeleg er i boks.

– Det er så godt. No har vi vore på toppen så lenge. Å få avgjort det no er fantastisk. Alle har venta at vi skal rykke opp. Å endeleg kunne seie at vi har gjort det er utruleg deilig, strålar han.

– Har du opplevd noko større?

– Eg kan ikkje seie det. Eit opprykk til eliteserien har eg aldri vore med på. Det er heilt fantastisk. Dette har eg drøymt om. Vi skal kose oss no. Eg reknar med det blir litt feiring. Men det er kamp allereie onsdag, så eg veit ikkje heilt kva som skjer, seier han.