Hopp til innhold

Tomtesalet fekk ein pangstart – no har salsfesten stilna

Allereie eitt døgn før hyttetomtene var lagt ut for sal, var 24 tomter rivne vekk. Sjølv om salet no har stogga opp, lever draumen om eit skieldorado i Sogndalsdalen vidare.

Hyttefeltet i Hodlekve

HYTTEFELT: Det er planer om over 500 hyttetomter i Hodlekve. På to år er 50 tomter selde. Tomtestorleiken varierer frå 500 til 1.700 kvadratmeter.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

Jan Erik Jensen er ein av hyttebyggjarane som kasta seg rundt og no arbeider på spreng for å realisere hyttedraumen.

Sjølv om interessa for tomtene har dabba av, trur han det vil snu når folk ser kva som er i ferd med å reise seg ved Hodlekve.

– Når det kjem lys i hyttene, røyk frå pipene, folk er på ski og folk ser miljøet som er i ferd med å etablere seg så trur eg folk vil dukke opp på salskontora og interessa tek seg opp att.

Framleis optimist

Styreleiar i Sognefjorden Utvikling Even Hegbom (t.v.) og Jomar Haukås

OPTIMISTAR: Jomar Haukås (t.h.) og styreleiar i Sognefjorden Utvikling Even Hegbom var fulle av optimisme då hyttetomtene i Hodlekve vart lagde ut for sal.

Foto: Per Kristian Grimeland / NRK

Det har gått to år sidan startskotet gjekk for tomtesalet. Allereie etter fire månader runda dei 40 selde tomter. Sidan har salet gått trått.

No er over 50 tomter selde, og ti-15 hytter er i ferd med å reise seg i hyttefeltet. Jomar Haukås, ein av dei lokale pådrivarane i Sognefjorden Utvikling, er likevel ikkje uroa.

– Det har gått ekstremt fort fram og hovudfokuset vårt er å få til eit produkt og infrastruktur og vegar og alt anna. Grunnsalet var fantastisk godt, så vi har ikkje vore i salsmodus, seier han.

Løysing på striden

Men det har ikkje vore ein enkel veg fram. For ein månad sidan stod tomtekjøparane i strid med utviklarane om kven som skulle betale for drifta av vegen. Ein veg tomtekjøparane trudde skulle vere offentleg.

Haukås trur ikkje at dette har skremt vekk potensielle hyttekjøparar, og meiner dei ikkje er langt unna å få ei løysing på striden.

– Vi skal lage eit grendelag i hyttefeltet vårt, og der er vi inne i sluttfasen for å få orden på vegproblemet. Alle er positive til å få det til, seier han.

– Må tole litt bråk

NRK har snakka med fleire tomtekjøparar som framleis er kritiske til korleis dei har blitt behandla. Ingen av dei vil stå fram med kritikken, men fleire held tilbake delar av kjøpesummen og i enkelte tilfelle kan det gå mot rettssak.

Haukås seier dei må rekne med noko usemje på eit så stort prosjekt.

– Alle prosjekt som går fram så fort som vi har gjort, vil alltid ein eller annan ha meining om. Vi har fått mykje skryt på vegen, så vi må tole at det også blir litt bråk på vegen, seier han.

Håpar på løysing

Jan Erik Jensen

HYTTEBYGGJAR: Jan Erik Jensen jobbar på spreng for å få hytta klar utvendig for vinteren. – Det gjeld dei fleste hyttene her. Det er mange som jobbar veldig for å få det taktett og klare for store snømengder, seier han.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

Ved hytta si er Jensen i full gang med å få tetta hytta, slik at vinteren kan nyttast til å ferdigstille hytta innvendig.

Sjølv om han registrerer at interessa for tomtene har dabba av, både håpar og trur han på fleire naboar i hyttefeltet. Difor håpar også han på ei løysing i usemja.

– Alle her vil at dette skal bli ein suksess for kommunen og for distriktet. Det er per no regulert for 350 tomter, og det er snakk om 550 tomter. Då nyttar det ikkje å ha konfliktar om veganlegg og slike ting, seier Jensen.