Hopp til innhold

90 timar er ny verdsrekorden i volleyball!

Etter 90 timar med volleyball, med lite søvn og mykje tårer og sveitte, kunne elevane ved Sunnfjord Folkehøgskule juble for verdsrekord!

Verdas lengste volleyballkamp på 90 timar

Klokka sju i dag hadde elevar ved Sunnfjord folkehøgskule spelt 85 timar volleyball. Dei valde å ikkje gje seg før kl 12 og kan notere seg med ein rekord på 90 timar!

Salen var tom og trøytt i heile natt. Men då rekorden nærma seg hadde mange møtt opp, og stemninga steig i taket.

– Natt til onsdag var eg veldig i tvil om det skulle gå. Det har svinga veldig. Eg er veldig stolt av elevane. Dei har brote mange grenser. Dei har gjort noko veldig spesielt saman som kjem til å danne dei som gruppe, seier sjefen for det heile, Magne Hornnes.

Den aller første serven gjekk måndag ettermiddag klokka 18. Og klokka 07.00 fredag var rekorden eit faktum. Elevane ved Sunnfjord Folkehøgskule stod løpet ut, og spelte like greitt vidare i fem timar ekstra.

Guinness rekordbok

Målet er å kome i Guinness Rekordbok. Kvart minutt av kampen har vorte loggført, og no står det berre att å få godkjenninga, før folkehøgskulen er ein del av rekordhistoria.

– Vi har heile tida sagt at vi skal spele 96 eller 100 timar. Det var nok taktisk av oss, slik at elevane ikkje kollapsa ved 85 timar, seier sjefen for det heile, Magne Hornnes.

Den førre rekorden hadde nederlandske SVU Volleyball med 85 timar samanhengande volleyball.

(Artikkelen held fram under biletet)

Magne Hornnes

MAGNE HORNNES: Stolt over elevane, etter at dei tok verdsrekorden. Det einaste som står att er at Guinness Rekordbok godkjenner rekorden.

Foto: Sindre Sunde Tveit / NRK

– Måtte ta nokre ekstravakter

NRK sin reporter på staden seier spelarane ser urovekkande friske ut, no like etter dei tok verdsrekorden.

Etter reglane må kvar spelar vere på bana tolv timar i døgnet. 26 spelarar har gått i turnus på fire timar på og fire timar av.

Karoline Halvorsen har spelt i 46 timar, over halvparten av tida.

– Eg måtte ta nokre ekstravakter. Eg er på veg til å legge meg no., men eg måtte få med meg at vi runda verdsrekorden, seier ho.

Karoline Halvorsen og Lars Andre Alstad

MED: Karoline Halvorsen og Lars Andre Alstad. Halvorsen seier det har gått overraskande greitt.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Lagleiar Hornnes seier ein av elevane fekk feber, og at fleire har kjent på slitasjeskadar. Han fortel at det er lagleiarane sitt ansvar at det går føre seg på ein ansvarleg måte. For Halvorsen har det gått fint.

– Eigentleg har det gått overraskande bra. Eg er positivt, og då går det greitt. Og dei som støttar oss med mat, drikke, musikk og anna har vore fantastiske, seier ho.