Hopp til innhold

Tok til tårene i den første Pride-paraden

FØRDE (NRK): Ho vart slått ned fordi ho er lesbisk. I dag gjekk Victoria Halvorsen Midtbø saman med kjærasten i historias aller første Pride-parade i Sogn og Fjordane. Det vart ei kjensleladd oppleving.

Victoria Halvorsen Midtbø (t.v.) og Irene Løkkebø Halsnes.

TÅRER: For kjærasteparet Victoria Halvorsen Midtbø (t.v.) og Irene Løkkebø Halsnes var historias første Pride-parade i Sogn og Fjordane ei stor hending. Laurdag kveld ber det heim att til Florø for å feire med gode vener.

Foto: Ahmad Dean / NRK

Kjærasteparet frå Florø er blant dei som verkeleg har fått kjenne på at det å vere lesbisk på bygda kan ha sin pris. Victoria Halvorsen Midtbø fortel at då ho stod open fram om legninga si for 12 år sidan torde ho ikkje gå ut i heimbyen Florø med den dåverande jentekjærasten sin.

– Det var tungt. Eg opplevde også ein gong å verte slått ned, ja, det var tungt. Eg kjenner litt på det i dag, vedgår Midtbø og tek til tårene.

– Ordføraren i Flora tok kontakt med meg for å fortelje at han skulle heise flagget i dag, for å vise at Florø har respekt for oss også. Det er ein herleg dag i dag. Vi kjenner mykje på kjenslene i dag, held Midtbø fram.

– Det skal ikkje vere skummelt

Ho har teke turen frå Florø til Førde saman med kjærasten Irene Løkkebø Halsnes. Begge kan ikkje få understreka nok kor viktig det er at Sogn og Fjordane har fått sin eigen Pride-festival.

– Det er viktig for å gjere det lettare å vere seg sjølv i Sogn og Fjordane. Det skal ikkje vere skummelt å «kome ut», seier Halsnes.

– For meg er det veldig spesielt. Eg håpar dei som har flytta fordi dei føler at dei ikkje kan vere seg sjølve no flyttar heim att, seier Halsnes.

I toget går også mor til Midtbø, Eva Halvorsen:

– Det å få sjå kjærleiken betyr mykje for meg som mor, oppsummerer ho.

Eva Halvorsen
Foto: Ina Christin Løvseth / NRK
Deltakinga var stor då den første Pride-festivalen gjekk av stabelen i Sogn og Fjordane.

Lang parade

Pride starta som eit storbyfenomen, men no blomstrar Pride Parade for alvor også i distrikts-Noreg. I helga vaia regnbogeflagget for første gong utanfor dei fleste kommunehusa i Sogn og Fjordane. Førde fekk æra av å vere vertskapet for den første Pride-festivalen i Sogn og Fjordane. Her har både regnbogeflagget, mange tilreisande og ulike arrangement har sett sitt preg på byen denne helga.

Kor mange som deltok i paraden laurdag er vanskeleg å seie. Men eit tusental var det sikkert. Festivalleiar Sandra Edith Tenud, er ikkje sikker, men ho er uansett kjempefornøgd.

– Det var enormt. Dette var over all forventing. Vi trudde det kanskje kom mellom 40 og 100 personar framfor rådhuset. No opplevde vi at det ikkje var plass til alle som kom, fortel ein oppglødd festivalleiar, som legg til at arrangementet har gått kjempebra.

Stolt ordførar

Oppglødd var også Førde-ordførar Olve Grotle (H) som sjølv heldt appell og gjekk i paraden.

– Dette overstig langt det dei mest optimistiske hadde håpa på. Det gjer meg glad. Det gjer meg kjempestolt. Heile Sogn og Fjordane har gitt den responsen på dette arrangementet som eg håpa på, og som det sjølvsagt fortener, seier han til NRK medan det mange hundre meter lange toget går gjennom hovudgata i sunnfjordbyen.

Politiet i Pride-parade i Førde.

STOR OPPSLUTNAD: Politiet stilte med 30 personar i laurdagens parade.

Foto: Ina Christin Løvseth / NRK

30 frå politiet deltok

I same toget finn vi også sjefen for politiet i Sogn og Fjordane, Arne Johannessen. Han meiner at beklagelsen som nyleg kom frå etaten var på sin plass. Difor er det også naturleg for han å gå i paraden. Han stilte med ein «tropp» på 30 personar i paraden, inkludert nokre ungar til tilsette

– Vi er her for å vise at politiet er for alle. Alle skal ha same respekt frå politiet. Vi godtek ikkje hatkriminalitet eller hatretorikk uansett om det gjeld homofile, lesbiske eller av andre grunnar. Uansett skal folk behandlast med respekt, seier Johannessen..

Pride-parade i Førde.

FARGERIKT: Folk frå heile Sogn og Fjordane deltok i historias første Pride-parade i Førde.

Foto: Ahmad Dean / NRK