Hopp til innhold

Tok pelstjuvar på fersken - gjerningsmenn stakk til skogs og er framleis på frifot

To pelstjuvar var seint laurdag kveld tekne på fersken etter at dei hadde forsynt seg frå ein pelsoppdrettar i Gloppen. Dei to stakk til skogs og er søndag morgon framleis på frifot.

Pelstjuveri i Gloppen

STAKK TIL SKOGS: Dei to mennene som er mistenkte for pelstjuveriet stakk til skogs i området like aust for Sandane lufthamn, Anda. Søndag morgon er dei framleis på frifot.

Politiet fekk melding om hendinga klokka 23.18, og det var då eigaren av pelsskinna som varsla at noko var på ferde.

Vedkommande sperra då vegen for ein utanlandsk bil med to personar i, dei to hadde vore inne på eigedommen og tatt med seg 51 reveskinn. Den same bonden har fleire gonger tidlegare vore utsett for pelstjuveri.

Stakk til skogs

Då dei to mennene vart oppdaga stakk dei til skogs i området like aust for Anda lufthamn.

Politiet rykte ut og gjorde søk i området, men dei har ikkje greidd å finne dei to gjerningsmennene.

Politiet har teke beslag i bilen dei to køyrde, bilen har utanlandske kjennemerke.

Det er ting som tyder på at dei to mennene kjem frå Aust-Europa, får NRK opplyst.

Ber pelsdyrbønder vere på vakt

Etter det frekke tjuveriet oppmodar politiet om at dei som driv med pelsdyr er ekstra på vakt. Pelsdyroppdrettarar blir bedne om å følgje godt med og notere seg om det er folk som viser interesse for garden eller anlegget.

NRK får opplyst frå ein pelsbonde i området at dei har vore på vakt den siste tida. Seinast for vel ei veke sidan var det eit liknande innbrot på Møre.

Om nokon har opplysningar i saka blir dei bedne om å ta kontakt med politiet på telefon 02800.

Det er slett ikkje første gong pelsdyrbønder i Gloppen blir utsette for pelstjuveri.

Eit døme er frå februar 2012, då ein oppdrettar vart fråstolen 500 reveskinn.