Hopp til innhold

Tok over hotellet kl. 09 – gjekk i skifteretten kl. 13

Hotelldirektør Jørgen Christian Lindstrøm fekk ein spesiell start då han tok over hotellet i Sogndal, som no skal bli størst i fylket.

Jørgen Christian Lindstrøm

SPESIELL START: Hotelldirektør og eineeigar av Quality Hotel Sogndal, Jørgen Christian Lindstrøm.

Foto: Privat

Datoen var 1. september og året var 1991. Hotellet var i økonomisk trøbbel og hadde bedd om gjeldssanering.

Inn døra klokka 09.00 kom den nye drivaren, Jørgen Christian Lindstrøm frå Lærdal. Same mann måtte gå ut døra att fire timar seinare, for å møte i skifteretten.

– Ja, same dag som eg byrja var hotellet i skifteretten. Hotellet hadde kome i trøbbel, men det var før mi tid. Det løyste seg. Hotellet vart starta opp att med to nye selskap 20. november det året.

Det fortalde Jørgen Christian Lindstrøm i NRK Sogn og Fjordane si ettermiddagssending tysdag.

Bakgrunnen er at Quality Hotel Sogndal, som Lindstrøm i dag både er direktør for og eineeigar av, melde at dei er i ferd med å bygge ut anlegget sitt.

Quality Hotel Sogndal

HOTELL: Quality Sogndal Hotell.

Foto: creativision.no / Quality Hotel Sogndal

Doble kapasiteten

Etter utbygginga skal hotellet ha 226 rom og bli størst i fylket.

– Vi hadde eit mål om å bli størst. Så vi sjekka Sunnfjord Hotell, som vi trudde hadde 225 rom. Då måtte vi ha 226 rom, ler Lindstrøm.

Reisa frå septemberdagen i 1991 og fram til i dag har vore ei lang suksesshistorie for hotellet og Lindstrøm. Med storinvesteringa som no er i gong, har konsernet som hotellet er ein del av, brukt ein halv milliard på utbygging og utbetringar.

– Vi er godt nøgd med utviklinga. Det vi no gjer, var det som mangla. Vi var for store til å dra fordelar av å vere liten, og for liten til å dra fordelar av å vere stor, fortel Lindstrøm.

– Vi skal bygge ut hotellet med ny soveromsfløy i lenginga av den vi har. Tilbygget blir i seks etasjar, med opp til 21 rom i kvar etasje og konferansesal på 500 kvadratmeter. Vi skal heve hageanlegget, med parkering under og nytt uteareal oppå.

Totalprisen er 175 millionar kroner.

Nye Quality Hotel, sogndal

SLIK BLIR DET: Påbygget blir over seks etasjar.

Foto: Skisse / Quality hotel Sogndal

Har trua

Hotelldirektøren har trua på hotellbransjen.

– Eg er femte generasjon hotellfamilie frå Lærdal. Eg byrja som bagasjegut sju år gamal. Hotell har vore livet mitt, og dette er ein draum som eg lenge har ønskt å realisere, fortel Lindstrøm.

– Er det ikkje overkapasitet på hotellrom i Sogn og Fjordane?

– Nei, vi har eit belegg på 65 prosent. Det er fullt om sommaren. Vi har mange bein å stå på. Og bygda fortener eit slikt hotell.

– På kva måte?

– Eit hotell er ofte eit spegelbilde av lokalsamfunnet det tener. Når lokalsamfunnet utviklar seg, må hotellet også utvikle seg. Folk har gjerne eit forhold til hotellet i ei bygd, seier Lindstrøm.

Utvidinga skal vere klar 1. mai 2019.

Lindstrøm Hotell i Lærdal.

LÆRDAL: Jørgen Christian Lindstrøm er femte generasjon i ein hotellfamilie frå Lærdal. Bildet viser deler av Lindstrøm Hotell på Lærdalsøyri.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK