Hopp til innhold

Tok inn førar og to passasjerar

Tre menn kan vente seg eit oppgjer med lovas lange arm etter at politiet stogga dei i Florø i natt.

Politi-illustrasjon

STOGGA: Både førar og passasjerar må svare for seg etter at politiet stogga dei i Florø natt til onsdag.

Foto: Lien, Kyrre / SCANPIX

Litt etter midnatt stogga politiet ein bil i kystbyen.

Bak rattet sat ein rusa mann i 20-åra, som ikkje hadde gyldig førarkort. Mannen vart teken med til lege der det vart teke blodprøve.

Passasjerane hadde heller ikkje alt i orden. Dei to mennene som sat på i bilen var arrestert mistenkt for bruk av narkotika.

Forholda blir meld, og Flora politistasjon følgjer opp saka. Alle dei tre er no sleppte fri.