Hopp til innhold

Tok hand om to førarkort i natt

Ulovleg lærekøyring og trafikkuhell gjorde to personar til fotgjengarar i løpet av natta.

Politiet på Twitter

ILLUSTRASJON: Politiet har hatt ei høvesvis roleg natt til laurdag.

Foto: skjermdump, Twitter.com

To trafikkuhell og ei lærekøyring utanom det vanlege er det Sogn og Fjordane politidistrikt har hatt å hanskast med i løpet av natta.

Det starta like før klokka 01 med eit trafikkuhell i sentrum av Øvre Årdal. Føraren kom frå uhellet utan skade, men måtte likevel til lege for å gje frå seg blodprøve. Politiet mistenkjer promillekøyring og tok dermed beslag i førarkortet til føraren.

Like etter vart ein bil stogga i Florø. Eigaren meinte dei dreiv lærekøyring, men blåste sjølv positivt på utandingsprøven. Dermed vart vedkommande teken med til lege for blodprøvetaking. Førarkortet vart beslaglagt.

Nærare undersøkingar viste at førar heller ikkje hadde trafikalt grunnkurs.

– Vedkommande som køyrde bilen er også meld for å ha køyrt utan gyldig førarkort, seier operasjonsleiar Espen Gulliksen ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

I morgontimane køyrde ein gut i slutten av tenåra av vegen på Rugsundøy utanfor Skatestraumstunnelen i Bremanger. Bilen hamna på taket. Guten vart lettare skadd i uhellet.