Tok fire lysestakar i kyrkjeinnbrot

Fire lysestakar var utbyttet då ein eller fleire personar braut seg inn i Stedje kyrkje i Sogndal natt til fredag.

Dei ubedne gjestane skal ha brote opp ei dør, og forsynt seg med to store og to små lysestakar - frå alteret.

Det var kyrkjeverja som oppdaga innbrotet, og det vart meld til politiet kl 18.30 fredag.  

Politiet veit førebels ikkje kven som står bak ugjerninga, og ber om tips frå publikum. 

- Innbrot i kyrkjer er vel ikkje kvardagskost, kommenterer operasjonsleiar hjå politiet, Leif Bell.

Turistforeningshyttene rundt om i landet førebur seg på storinnrykk no når sommarsesongen snart er i gang.
Det betyr at enkelte må leggja ned fleirfoldige timar i dugnadsarbeid for å få alt på stell.
Og denne veka har ein liten gjeng gått til Skogadalsbøen i Luster på hyttedugnad.
Marius Vedvik slo ein 35 år gammal rekord på 5000 meter. Foto: Alf Vidar Snæland.
Her kan du sjå den TV-sendinga der Årets kulturidé 2013 blei kåra.